
Kva skal vi gjere med det gamle fjøset? Dette er ei kjent problemstilling som alle gardbrukarar står over ein eller fleire gonger den tida ein eig garden. Oppgradering, tilbygg, nybygg? -det kan vere mange måtar å fornye eller legge om drifta på. Vi kan vere med å vurdere bygget og kome med forslag til «veg vidare». Trengs det prosjektering, teikning eller dimensjonering har vi kompetanse i NLR som kan hjelpe til for at du skal lykkast med prosjektet ditt.