Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

31.08.2016 (Oppdatert: 01.09.2016)

SMIL står for spesielle miljøtiltak i landbruket, og forvaltast av kommunane. Bare gardsbruk med produksjonstilskot kan få SMIL-midlar. NLR Agder kan hjelpe til med søknad og også komme på synfaring.

Føremålet med SMIL-ordninga er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket. Tilskota skal gå til tiltak utover det som blir forventa ivaretatt gjennom vanlig jordbruksdrift.

Det er kommunane som handsamar og avgjer søknader om tilskot. Dei har i samarbeid med faglaga vedteke lokale tiltaksstrategiar, eller retningsliner for prioritering av søknadane med utgangspunkt i lokale utfordringar og målsettingar. Det kan vere at rydding av gamal beitemark skal prioriterast, eller at spesielle kulturminne skal få tilskot enkelte år. Merk at tilskot til freda bygningar er tatt vekk frå SMIL-ordninga. Noen kommunar har også sett ein frist for å sende inn søknad – sjekk med landbrukskontoret i eigen kommune!

Søknaden skrivast på eige skjema med bilete som vedlegg. Søker må ha gjødslingsplan og plantevernjournal, samt kart over eigd og leigd jordbruksareal. Kulturminne, område med biologisk mangfald, areal med erosjonsrisiko og andre miljøforhold skal være kartfesta og omtalt. Det er lurt å snakke med dei på landbrukskontoret før ein søker for å avklare at tiltaket er innanfor regelverket.

Ta kontakt for mer informasjon eller bestilling av oppdrag. Tlf. 38 18 39 00 eller  agder@nlr.no.