Har du fått testa sprøyta di?

Det er no krav om testing kvart 3. år.

NLR Vest har utdanna fleire rådgjevarar for testing av åkersprøyter og tåkesprøyter. Ventelistene har minka mykje og vi kan ta meir testing utover hausten, og ikkje minst til våren.

Bestill funksjonstesting av sprøyte her

Medlemar får gode rabattar på alle tenester!

Pris funksjonstesting:

  • For medlemar: 2500 kr
  • Medlem i gruppe: 2200 kr
  • Ikkje medlem: 4200 kr

Er du ikkje medlem? Meld deg inn her

Treng du jordprøver i haust?

NLR Vest har godt oversyn over alder på jordprøver og gjødslingsplanar for medlemane. I desse dagar vil vi ha lister klare over kven vi meiner bør ta nye jordprøver i haust. Jordprøvene som skal brukast i gjødslingsplanen skal vere yngre enn 8 år.

Det vi ikkje har oversyn over er alle som har endringar i areal eller drift. Døme på dette kan vere ny leigejord. Det er viktig å få teke jordprøver av denne. Dessutan har vi mange medlemar som har stor drift og svært mange skifte. Det er viktig at vi har nye nok prøver på mange nok skifte, sjølv om ikkje det finst regelverk som seier eksakt kor mange nye jordprøver som skal ligge til grunn i ein gjødslingsplan. Sjølv om du kanskje står på ei jordprøveliste vi har, så meld deg på her!

Bestill jordprøver her

Medlemar får gode rabattar på alle tenester!

Pris jordprøver:

  • Medlem: Uttak og innsending av jordprøver og bladprøver: 110 kr pr. prøve (analysekostnad kjem i tillegg). Sats for oppmøte på garden: 300kr
  • Ikkje medlem: Kr 1180 per time + reisekostnad (analysekostnad kjem i tillegg).

Er du ikkje medlem? Meld deg inn her

Lena i Ausevikja