Åsmund Seljeset

Honndøl og Nordfjording, det er meg, oppvaksen på garden Seljeset langt inne i landbruksbygda Hornindal.

Teams-møte om beste praksis sau:

  • Tysdag 25. oktober 2022 kl. 19:30-21:00

Teams-møtet er gratis og ope for alle.

Program:

  • Beste klimapraksis sau: Prosjektleiar Helena Elvatun, NLR Vest orienterer om prosjektet og inviterer bønder til å delta (15 min)
  • Driftsopplegg og saueavl: Sauebonde i Lindås, Ove Holmås orienterer om driftsopplegget. Dei har på sauene sine (inne og utedrift) og om saueavl spesielt (NKS, Blæs og Gamalnorsk) (60 min)
  • Det vert kort pause undervegs og tid til spørsmål.

Sjå opptaket av Teamsmøtet her

Har du spørsmål ta kontakt med:

Landbruket har forplikta seg til å kutte klimautslepp – ikkje kutte matproduksjon. Sjølvforsyningsgraden i Noreg er låg, vi har difor ikkje råd til kutte nokon form for matproduksjon, spesielt ikkje produksjon basert på norske ressursar.

Sauenæringa kjem i ei særstilling her, sidan vi produserer mat på utmarksressursar som kan nyttast til lite anna. Set vi fokus på klimagassutslepp resten av året, vil ikkje dette berre verke positivt for klima, men òg for lommeboka til bonden.

Gjennom prosjektet beste klimapraksis sau blir det arrangert opne teamsmøte for sauebønder på Vestlandet. Her vil både rådgjevarar og aktuelle forelesarar dele av sin kunnskap og erfaring om ulike tema som avl, fôring, helse/dyrevelferd og økonomi. Prosjektet er i samarbeid med NSG og Vestland Bondelag og vert støtta av berekraftsfondet til Norges Bondelag og Gjensidige.

20201015 143342