Gjennom vekstsesongen 2021 utfordrar Norsk Landbruksrådgiving og NORSØK bønder, rådgivarar og andre interesserte til å ta spaden fatt og leite etter meitemark, telje, artsbestemme og sende inn resultat. Det vil bli premiar for innsending av resultat og for deling av gode bilde. Bruk #Markløftet2021 på Instagram eller Facebook.

Skjema for utskrift med informasjon om dei ulike meitemark-artene og registrering av dei du finn


Slik deltek du:

  • Spa ut ein 20x20x20cm jordkube. For å sikre resultata, grav ut to jordkubar per jordstykke.
  • Bruk fingrar, kniv eller ei lita greip for å løyse klumpen og finne meitemark. Legg desse i ein boks, gjerne med litt vatn i.
  • Tell og prøv å finne ut kva artar du har ved å bruke Markløftet-arket.
  • Skriv ned resultata frå gravinga og registrer dei her.
  • Det blir trekt ut tre vinnarar av innsendte svar.
  • Dersom du deler bilde eller film med #Markløftet2021 kan du også bli premiert.

Les mer om markløftet