Beiter kan vera så mykje forskjellig både når det gjeld avlingsnivå og kor lettdrivne dei er, så dermed vil det og vera stor variasjon kva det kostar å produsera gras på beite.

Dersom du har større beiteareal enn det som du treng til eigen besetning, kan det vera aktuelt å ta inn dyr frå andre i visse periodar. Dette for å hindra at beitegraset kjem for langt i utvikling og dermed vert lite verdifullt. Med dei stigande prisar me har hatt, særleg på mineralgjødsel, så vert spørsmålet kva rett beiteleiga vert no.


Forutsetningar for tala nedanfor: Avling på 350 FEm/daa. Gjødsling med 50 kg/daa 22-2-12, fordelt på 2 gjødslingar.

Stigning i handelsgjødselprisen gjer at kostnaden med å gjødsla eit middels godt beite som skal gje ca. 350 FEm/daa har stige med kr 0,80- 1,00/fem.

Før den sterke prisstigninga på gjødsel, rekna me med at det kosta kr 1,00 pr FEm å produsera gras på beite. (gjødsling, kalking, ugraskamp og gjerding )

Ny kostnad vil dermed liggja på frå kr 1,8- 2,0/FEm.

Det er viktig å streka under at det er først og fremst er gjødselprisen som gir utslaget. Går gjødselprisen vesentleg ned, noko me alle håpar på, er det grunnlag for å redusera leiga.

Forslag til pris per dyr

Nedanfor viser kva dette svarar til i beiteleige for ulike dyregrupper slik prisbilde er no:
Kulturbeite med mykje kvitklover og rapp Foto B Harstad
Godt kulturbeite. Foto: Birgitt Harstad