Emilie sitt øyrike

Emilie Moi Eikje (34) overtok familiegarden på Ognøy i Bokn kommune i september 2021. Ho er einaste aktive bonde på øya og driv 340 daa eng, 900 daa innmarksbeite og 2800 daa kystlynghei. Garden har ein allsidig husdyrproduksjon med slaktegris, 150 vinterfôra sau og 35 ammekyr.

Dyra utnyttar utmarksressursane på garden heile året. Vinterstid vert dei fôra med rundballar i fleire mindre bygningar rundt på øya, og kan gå inn og ut som dei vil.

Emilie mentor 5 foto turid fitjar

Mentor - nye auge på drifta

Mentorordninga var kjend for Emilie før ho tok over garden, og ho visste at ho ville nytta dette tilbodet for nye bønder. Emilie søkte og fekk delta i mentorordninga allereie fyrste driftsår.

Mentor for Emilie vart Jarle Nesse. Han driv med sau og ammeku på Fosen i Karmøy kommune og kjende Emilie frå sauehundmiljøet. Ho tok sjølv kontakt med han for å høyra om han ville vera mentoren hennar. Jarle sa fyrst nei, men med hjelp av mentoransvarlig i NLR Rogaland, Lene Marie Hustveit, var han mogleg å overtala. I dag angrar ikkje Jarle på at han sa ja. «Eg har absolutt trua på ordninga», seier han.

«Det har vore kjekt å prøva å hjelpa, og dela av erfaringar som eg har opparbeidd meg gjennom mange år i næringa. Særleg kjekt er det når ein kan koma attende og sjå positive resultat, sjølv om det ofte tek tid», seier Jarle.

Når ein tek over ein gard i full produksjon er mange av premissane sett, og mentorparet er einige om at det har vore nyttig for begge å læra at ting kan gjerast på andre måtar. Innspela frå mentoren har stort sett handla om små justeringar som vil gje resultat over tid, til dømes innan avl på sauene og små grep i lemminga.

«Det har vore verdifullt med heilt nye auge på drifta», seier Emilie. Sjølv om ho kjende til Jarle frå før kjende han ikkje til drifta på garden slik som tidlegare generasjonar og kollegaer i Bokn gjer. Han kunne difor lettare sjå nye måtar å gjera ting på.

Emilie mentor 3 foto turid fitjar
Fornøyd med mentorordninga: Frå venstre Jarle Nesse (mentor), Emilie Moi Eikje (ny bonde) og Lene Marie Hustveit (ansvarlig for mentorordninga i NLR Rogaland). Foto: Turid Fitjar

Endring i planane

Då Emilie tok over drifta i september 2021 var det 230 vinterfôra sau og 20 ammekyr på garden. Ho hadde allereie då ein tanke om å redusera sauehaldet og auke talet på ammekyr, men såg føre seg å gjera dette gradvis ved å rekruttera frå eiga besetning. «Det har vore mange sauer i mange år på denne øya», seier Emilie. Ved å redusera sauehaldet og auke med ammeku er målet å redusera smittepress og få ein betre dyreflyt, samstundes som beiteressursane på øya vert nytta.

Tilfeldighetane ville det annleis, og etter 3 månader som bonde, i januar 2022, fekk ho tilbod om å overta ei heil besetning på 20 ammekyr. For å få plass til dei nye dyra måtte 50 søyer slaktast midt på vinteren. «I denne situasjonen var det godt å ha fleire å sparra med», fortel Emilie. Ho søkte råd både hos slakteriet, far og mentoren før slutninga vart tatt.

Bygga eller ikkje bygga?

Fleire store val måtte tas allereie i Emilie sitt fyrste år som bonde. Tilskotsordninga til Innovasjon Norge ved generasjonsskifte må nyttast før ein fyller 35år. Emilie har eit ynskje om nytt ammekufjos på garden, så spørsmålet vart om den 34år gamle bonden skulle byggja dette i ein fart for å få vera med i ordninga.

«I denne prosessen følte eg meg som ein brems», seier Jarle. Kostnadane vart store og den unge bonden vart usikker på kva ho skulle gjera. No er teikningane lagd vekk i samråd med mentor og rekneskapsførar.

Ein du kan ringja

«Det beste med mentorordninga er at du får ein du veit du kan ringja», seier Emilie. Ho legg til at ein føler seg mindre til bry når ein har gjort ein formell avtale om at ein kan gjera det, og når mentoren får kompenasjon for jobben. Mentorparet har hatt mest kontakt på telefon. I tillegg har dei hatt 5 samlingar, fordelt på begge sine gardsbruk, med tema som var planlagd på førehand.

Råd til andre

«Mitt råd til andre som skal ta over gard er å vera positiv og fokusera på det du har fått gjort i staden for det du ikkje har fått gjort», seier Emilie. «I tillegg bør du prøva å unngå å lesa dei negative kommentarane på nett, og så vil eg anbefala mentorordninga så klart», avsluttar den positive bonden på Ognøy.

Mentor Jarle vil berømma den positive innstillinga og pågongsmotet han har møtt på Ognøy: «Det finst på denne øya, og eg trur det har vore slik i generasjonar», seier han. «Viljen til å prøva er tilstades, og det har smitta over på meg», legg han til.

Å vera mentor kan òg vera lærerikt. Jarle har òg sett at ting kan gjerast på andre måtar. Han vil anbefala andre å bli mentor, men trekk fram to viktige punkt. «Det er ein føresetnad at du klaffar godt med den du er mentor for, og at han eller ho er villig til å gjera endringar i drifta si. Det er veldig givande å sjå resultatet, og eg kjem ikkje til å sleppa Emilie no som me er i gong», avsluttar han.

Mentorordninga i landbruket

Lene Marie Hustveit er regionkontakt for mentorordninga i Rogaland. Ho har følgd mentorparet frå sidelinja, frå oppstartssamlinga i januar til avslutning i desember. «Eg ser at telefonen er mykje brukt hos mange mentorpar, i tillegg til dei 5 fysiske møtene», seier mentoransvarlig Lene Marie.

Ho minner om at søknadsfristen for å delta i mentorordninga neste år er 1. desember. Søknadsskjema, både for mentor og deltakar finn du på nlr.no/mentor.

«Ta kontakt visst du har sprøsmål, og tips gjerne ein ny bonde du kjenner om mentorordninga», avslutter Lene Marie.