På Haugalandet i Rogaland vart det avvikla eit seminar om lyngbrenning 25. november 2022. Ukontrollerte lyngbrannar nyleg – både i Åfjord og Ålesund, viser at dette er brennaktuelt tema. Det blir advart mot stor fare for brann bl.a. i denne artikkelen fra NRK Trøndelag: Vanlig tørke gir stor skogbrannfare.
Seminaret vart sendt direkte og opptaket ligg lagra her: Lyng- og villbrannseminar 2022 (videoen nedenfor).
Dette seminaret gir viktig metodisk kunnskap om lyngbrenning som skjøtselmetode og praktisk tilnærming. NLR Nord-Norge har engasjert seg i dette og det er tidlegare halde teoretisk og praktisk kurs vegetasjonsbrenning fleire stader i Nordland.