Ina Hakestad og Torstein Hellesnes er naboar i Ulvik i Hardanger i Vestland fylke. Dei har begge fulle jobbar, ho som sjølvstendig frisør og han som sjukepleiar. Likevel satsar dei no som fruktdyrkarar på fritida. Samstundes har dei vorte med i mentorordninga i landbruket.

– Ein kan lese seg til mykje, men å faktisk kunne spørje ein erfaren dyrkar er godt. Spesielt sprøytinga er krevjande, seier Torstein Hellesnes.

3 A7 A2171
Rolf Tore Djønne (t.h.) er i år mentor for Ina Hakestad og Torstein Hellesnes. Han delar av si erfaring som mangeårig fruktdyrkar gjennom mentorordninga i landbruket. Foto: Morten Livenengen.

Lærar av kvarandre

Og når spørsmåla blir mange og kunnskapstørsten stor, er det godt at Rolf Tore Djønne, med sine mange års erfaring som fruktdyrkar, kan dele av si erfaring.

– Det er både interessant og utfordrande å vere mentor. Nokre gonger må eg grave skikkeleg djupt for å finne fram att kunnskap som dei unge spør om, seier Rolf Tore Djønne.

Han fortel vidare at ein mentor òg får bryna eigen kunnskap og dyrkingspraksis når dei unge stiller spørsmål som krev andre svar enn kva han er van med å tenkje på. På denne måten går kunnskapsoverføringa begge vegar.

Sjølv om dei har fysiske møter der dei går gjennom aktuelle arbeidsoppgåver i fruktfelta, kommuniserer dei òg elektronisk.

– Vi har oppretta ei Messenger-gruppe. Her kan vi stille spørsmål som Rolf Tore svarar på. Og alle kan sjå kva alle skriv, forklarer Torstein Hellesnes.

Ei av dei fyrste fysiske samlingane dette året, var eit besøk hos mentor under plantinga. Her fekk dei unge fruktdyrkarane med seg verdifulle tips til eige plantearbeid.

Mentorordninga i landbruket

Krevjande økologisk

Dei unge produsentane er nysgjerrige og ivrige etter å prøve nye ting. Begge har dei bestemt seg for å prøve økologisk fruktdyrking i eit lite omfang, og har meldt inn eit par dekar til omlegging. Rolf Tore Djønne er sjølv økologisk fruktdyrkar og veit kva han snakkar om når han forklarer produksjonen.

– Vi handlar med augo. Det skal ikkje vere lyter på epla. Difor er det krevjande å drive økologisk. Vi gjer det vi kan for å halde skadegjerarar i sjakk, og sprøytar med svovel og kopar i blanding med bakepulver. Det hjelp, men er ikkje den einaste løysinga, seier Rolf Tore Djønne.

I tillegg er høymole i grasdekket mellom radene eit problem.

– Vi må ha ei eiga samling på høymole og korleis vi skal bli kvitt den, spøkjer Torstein Hellesnes.

Investeringskostnader som krev sitt

Torstein Hellesnes skal planta eit nytt felt neste år. Det gir ei utviding av produksjonen med ti nye dekar. Ei slik produksjonsauke inneber ei vesentleg økonomisk investering.

– Det kostar om lag 70 000 kroner per dekar å plante eit nytt eplefelt. Og inntekta frå dette feltet kjem ikkje før om tre-fire år, forklarer han.

Både Ine Hakestad og Torstein Hellesnes skal omsetje frukta gjennom Hardanger Fjordfrukt, og dei har foreløpig ikkje planar om å foredle noko sjølve.

Mykje manuelt arbeid

Tidleg i juli månad er det full fart i fruktfelta. No er det tynningsarbeid som står på gjeremålslista.

– Eg berre puttar nokre proppar i øyra og finn ein god podkast eller to. Då stenger eg omverda ute og berre konsentrerer meg om tynningsjobben, seier Ine Hakestad.

Og med den gode fruktsettinga i år, er det mykje arbeid med å sette att dei beste eplekarta. Dei som kan verta gode, salbare eple til hausten.

Mentoren tek ein rask inspeksjon i feltet og studerer resultatet av Ines innsats.

– Dette ser veldig bra ut. Tynning har vore ein stor jobb i år, fortel Rolf Tore Djønne.

Viktig kjelde til kunnskap

Ine Hakestad og Torstein Hellesnes vart tildelt sin mentor tidleg dette året. Og ein av dei fyrste tinga dei gjorde, var å setje opp ein plan for året og kva samlingane skulle innehalde. Begge er godt nøgde med ordninga, og vil oppmode alle andre ferske fruktdyrkarar om å søkje opptak til neste års mentorordning.

– Om du ikkje kan alt frå før, er mentorordninga særs aktuell, seier Torstein Hellesnes med eit smil.