Av: Inger Birkeland Slågedal, dagleg leiar i NLR Agder, og styreleiar Brit Mjåland
I 2017 blei 39 NLR-einingar til ti regionale einingar, då eit stor fleirtal stemte mot å fusjonere til ein sentral organisasjon. Sidan har regionane utvikla eit tett og godt samarbeid. Overraskinga var difor stor då det i sluttprotokollen for jordbruksoppgjeret 2022 stod at: "Dagens oppgaveløsning må bli mer samordnet, enhetlig og effektiv. Dette er en forutsetning for at NLR skal tildeles tilskudd fremover i tid. Partene kan ikke se at dette kan gjøres uten at NLR organiserer seg som én juridisk enhet."
Dette tolkar styret i NLR som at regionane og sentraleininga må bli ein organisasjon for å få tilskott. Dei har bestemt seg for fusjon og arbeider med planen Omega, og vil ikkje sjå på korleis regionmodellen kan utviklast for å svare på utfordringane. Fire av dei ti NLR-regionane arbeider difor med planen Alpha for å finne ut korleis regionane kan samarbeide tettare til beste for bonden. Desse fire er NLR Østafjells, NLR Trøndelag, NLR Innlandet og NLR Agder. NLR Rogaland var med på dette, men hoppa av i januar.
Utvikling av regionmodellen
NLR får tilskott over jordbruksavtalen for å utvikle kunnskap og gje bonden gode råd. Me er ein viktig samarbeidspartnar, både nasjonalt og i eigne regionar, for å sette norsk landbrukspolitikk ut i livet. I sluttprotokollen omtalast NLR som ein svært viktig kunnskapsorganisasjon, og dei siste åra har me utvikla eit tett og godt samarbeid med dei andre NLR-einingane. Gjennom servicekontoret på Ås har me felles dataverktøy, nettsideløysing, medlems- og kundesystem, og ei felles fagavdeling med fagkoordinatorar på ulike fagområde.
NLR er ein uavhengig organisasjon med ei dynamisk og relevant organisering som skaper nærleik, forankring og eigarskap hos bonden og tilsette. Me har rådgjevarar på nye fagområde som presisjonslandbruk, klima og HMS over heile landet. Det er bonden som saman med rådgjevaren skaper verdiane ute på gardane og på fagarrangement der det skjer kunnskapsutvikling og formidling.
Styret i NLR Agder meiner at Alphaplanen som går på ei vidareutvikling av samarbeidet mellom regionane, gjev mest samordna, einskapa og effektiv rådgiving til medlemmene.
Eigarane bestemmer
Pålegget om å oppløyse NLR-regionane i ein forhasta prosess som kjem ovanfrå og ned til bondeeigde, sjølvstendige organisasjonar, opplevast heilt feil. At dette skjer med Senterpartiet i regjering og Sandra Borch som landbruksminister, er mest ikkje til å tru. Like uforståeleg er det at bondelagsleiar Bjørn Gimming er ein sterkt pådrivar for dette, utan å kunne sei kva ein fusjon vil gjere betre for lokale bønder. NLR er utvikla og fornya ved at eigarane, altså medlemmane, har hatt styringa, og slik må det vere framover også. Partane i jordbruksavtalen kan ikkje bestemme korleis NLR skal vere organisert. Dette handlar om demokrati, og Alpha-planen svarer på utfordringane partane peikar på i jordbruksavtalen. Me kjenner regionane våre godt, og kan prioriterer ressursane våre ut frå lokal og regional kunnskap.