Årsmøtet i NLR Agder blei i år arrangert som eit hybridmøte, dvs både eit fysisk møte på Varodd i Kristiansand, samstundes som det blei strømma på Teams. Det var 16 som deltok fysisk og 8 var med digitalt på årsmøtet i NLR Agder på Varodd i går kveld. 21 var stemmeføre. Nestleiar i styret, Ole Helle leia møtet. Brit Mjåland blei attvalt som styreleiar, og Bernhard Arnevik og Per Try blei attvalt som styremedlem. Kari Kleivset Brunvatne orienterte om prosjektet Matregion Agder og ho fekk eindel tilbakemeldingar på kva som skal til for at det skal dyrkast meir mat på Agder. Etterspørsel, enkel distriubusjon og først og framst lønsemd er viktige faktorar. Protokollen blir lagt ut neste veke når den er underskriven.
Protokoll
Velkomen ved nestleiar Ole Helle
- Godkjenning innkalling og saksliste
-
Godkjend utan merknad
- Velje møteleiar, referent og to til å skrive under årsmøteprotokollen
Møteleiar: Ole Helle
- Referent: Inger Birkeland Slågedal
- Underskrive protokollen: Odd Arild Svaland og Jens Tore Vatland
- 21 stemmeføre til stades
Teljekorps: Sigbjørn Leidal, Nere Knutsson Haugå (digitalt) og Inger Birkeland Slågedal, elektronisk valsystem for dei på Teams og skriftleg for dei i møtet.
- Handsame årsmelding og revidert rekneskap for 2020
- Årsmelding og revidert rekneskap – ingen spørsmål eller merknader
- Styret føreslår at overskotet på 310.331 kr tilførast eigenkapitalen – einstemmig vedtatt utan merknad
- Styret tilrår årsmøtet å godkjenne årsmelding og rekneskap – einstemmig vedtatt utan merknad
Innkomne saker
Forslag til endring i instruksen for valkomitèen, § 2 og 4 – foreslått endring blei vedtatt, inkludert forslag om å stryke «jfr. vedtektene § 6 a» i siste avsnitt under punkt 3.
- Fastsette medlemskontingent for 2023
Styret foreslår same nivå på faggruppe- og arealkontingent for 2023 som i 2021 og 2022 – einstemmig vedtatt utan merknad
- Få framlagt styrets budsjett og arbeidsplan for 2021
Styret sitt forslag til budsjett og arbeidsplan - einstemmig vedtatt utan merknad
- Gjennomføre val
Innstilling frå valkomitèen blei lagt fram av leiar i valkomitèen John Øina
a. Styreleiar for eit år:
Britt Mjåland, Lindesnes, attvalt med 20 stemmar og ein blank
b. Styremedlem for to år:
Bernhard Arnevik, Grimstad, attvalt med 20 stemmar og ein blank
Per Try, Kristiansand, attvalt med 20 stemmar og ein blank
c. Tri nummererte varamedlemmer for eit år:
1. vara: Jan Petter Gjertsen, Farsund, attval
2. vara: Kristin Skranefjell Eikeland, Marnardal, attval
3. vara: Lars Albert Albretsen, Tvedestrand
Alle varamedlemmene valt med akklamasjon
d. Val av revisor
Revisorsenteret i Mandal blei valt som revisor for 2022.
e. Val av medlem for fire år og varamedlem for eit år til valkomitèen
(2023-2026): Miriam Lunden Honnemyr, Iveland, ny
Personleg vara: Karianne Møkjåland, Iveland, ny
Begge blei valt med akklamasjon
Siste året i valkomitèen er vedkommande medlem leiar.
8. Fastsette godtgjersle til tillitsvalde etter tilråding frå valkomitèen
Tilråding godtgjersle 2021
|
Satsar
|
Styrets leiar
Nestleiar
|
35.000 kr/år
6.000 kr/år
|
Styremedlem
|
4.000 kr/år
|
Dagmøte
Digitale møte > 3 t
Digitale møte, Telefonmøte < 3 t
|
2.000 kr/møte (ny)
2.000 kr/møte (ny)
1.000 kr/møte (ny)
|
Reise og køyrekostnader dekkast etter statens regulativ.
Forslaget blei einstemmig vedtatt.
Landvik 17. mars 2022
Inger Birkeland Slågedal (ref)
Denne artikkelen er åpen for NLR-medlemmer
Registrer deg i dag og få tilgang til alle våre fagartikler!
Som medlem i NLR får du også tilgang til alle våre rådgivingstjenester.
Allerede medlem?
Logg inn