Anne Aakhus og Even Simensen er med i mentorordninga i landbruket i 2021. Mentor for dei er Åse Ingebjørg Flateland. No fortel dei om erfaringane som dei har gjort med ordninga dette året.

Anne Aakhus og Even Simensen overtok garden Øvre Aakhus i Bygland i 2016. Dei bur på garden saman med borna Kjetil og Gisle (snart 2 og 4 år). Då dei overtok garden var jorda leigd bort. Dei ynskte å drive garden sjølv, og starta med sau i 2019 og ammeku i 2020. No er ny driftsbygning under bygging der sau og ammeku skal få plass.

Anne er oppvaksen med sau på garden, medan Even ikkje hadde nokon bakgrunn frå landbruket. Når dyra kom på plass på garden var det mange spørsmål som dei måtte finne svar på – Google kan brukast, men det er ikkje alltid dei beste svara som er på nett seier Anne. I nokre høve er det heller ikkje svar å finne på nett.

Åse Ingebjørg Flateland har lang erfaring som mjølkeprodusent og tillitsvald i ulike organisasjonar i landbruket. Ho har vore mentor tidlegare, og var klar då NLR kontakta henne om ho kunne tenke seg å vere mentor for Anne og Even. Det vart raskt «god kjemi» mellom Anne, Even og Åse Ingebjørg! Dei har hatt 5 møte gjennom vår, sommar og haust.

Fordelen med Åse Ingebjørg er at ho seier ting som dei er – rett ut! Det er ein stor fordel når du er ny bonde seier både Anne og Even. Ho stiller og spørsmål om framdrift frå milepåle til milepåle. Då har vi heile tida noko å arbeide mot. For Anne og Even handlar det og om å ikkje vere redd for å stille spørsmål. Det er ingen dumme spørsmål har vi funne ut.

Åse Ingebjørg skriv referat for kva dei har hatt som tema på møte og kva dei har vore einige om å arbeide vidare med til / før neste møte. Då går ting heller ikkje så lett i «gløymeboka».

Dette har gjeve resultat på garden i 2021! Våren starta med kalving og lamming, og no er driftsbygning til dyra under oppføring. Nytt beite er rydda og under opparbeiding. Fôrdyrkinga har fått eit løft - drenering og jordforbetring skal settast i gong der det er trong for det så fort tida tillèt det.

Vi er gode på skippertak seier både Anne og Even. Vi arbeider lange dagar når vi vil bli ferdige med eit prosjekt – men så tek vi oss tid til nokre fridagar etterpå der born og familie har fyrsteprioritet. Då får arbeidsprosjekta vente.

Åse Ingebjørg trivs godt som mentor. Ho meiner ho ikkje har spisskompetanse på produksjonane som Anne og Even har, men bidreg med lang erfaring som bonde som viktigaste kunnskap. Det handlar om både menneske og dyr når du er mentor for unge bønder seier ho.

Spisskompetanse finn Anne og Even på andre måtar. Dei oppsøker dette for å få inspirasjon og ikkje minst tale med folk som ser positivt på landbruksnæringa. Det er nok av dei som er kritiske til å stase på landbruk. Åse Ingebjørg er samd i at det er viktig å ikkje høyre på personar som er negative til det meste – og i alle fall ikkje bli påverka av dei.


Er du interessert i mentorordninga i landbruket kan du ta kontakt med Knut Sigurd Haugå tlf. 91360016 eller fyll ut skjema

JA, jeg er interessert i å få vite mer

Er du ny bonde og ønskjer mentor registrer du deg enkelt ved å fylle ut skjemaet

JA, jeg er ny bonde og ønskjer mentor

Kan du tenkje deg å være mentor registrer du deg i dette skjemaet

JA, jeg ønskjer å være mentor

IMG 4544