No er det over eitt år sidan Covid19-alarmen gjekk og mykje blei stengd ned. Sidan har det gått i bølger med oppmjuking og innstramming både nasjonalt og lokalt. Me i landbruksrådgivinga har tilpassa oss råd og reglar så godt me kan med heimekontor, digitale fagmøte, avstand og sprit ved eitkvart høve. Me har vore heldige til no, både tilsette og medlemmene, som i liten grad har vore råka av koronaen. Det er å håpe at vaksineringa skal få overtaket før bølgja med mutantar breier seg vilt.
Utfordringa med koronaen i landbruket er utanlandsk arbeidskraft – korleis vert det i år? I skrivande stund ser det diverre ut til å bli vanskelegare enn i fjor å få inn nok folk til grøntnæringa. Frå tredjeland vil det vere heilt stengt og frå EU/EØS-land blir det også vanskeleg om UDI tolkar spesialkompetanse strengt. Då gjeld det å mobilisere og lære opp arbeidskraft i Norge i samarbeid med NAV.
Bondelaget har hatt ei spørjeundersøking om temaet og mange er bekymra for korleis dei skal rekruttere nok kvalifisert arbeidskraft, og få lært opp så mange nye folk. Halvparten av dei spurde har under fem tilsette, medan ein femtepart har over 20 tilsette, og av desse driv 2/3 med bær. Ein fjerdedel seier dei vil redusere driftsomfanget i år på grunn av dette.
I vinter har me i landbruksrådgivinga hatt mange digitale kurs og fagmøte med god deltaking. Folk er blitt vand med det, og tilbakemeldingar går på at fleire likar det; det er lettare å vere med utan å måtte reise langt, og møta blir meir fokuserte. Det store men-et er at den gilde pausepraten fell vekk, så i normale tider vil det nok bli tilbod om både fysiske og digitale møte.
NLR har fått ei ny og betre nettside der medlemmene skal få si eiga Min side der viktige dokument som gjødslingsplan og jordanalysar kan lagrast. Me har facebook og har også opna Instagramkonto der me legg ut info om det som skjer.
Med ønske om ei god vårvinne og ein god lammesesong!
Dagleg leiar - Inger Birkeland Slågedal