Trøytte og utolmodige

17.01.2020 (Oppdatert: 17.01.2020) Inger Birkeland Slågedal

Hovudtemaet første dag på Sørlandssamlinga var klima i landbruket. Nokon er trøytte av temaet, og dei unge vil ha meir handling. 2020 må bli året då landbruket blir sett på som ein del av løysinga og ikkje som klimaversting.

 

Som bonde kan ein jammen bli trøytt av eit stadig vanskelegare klima, og av alt fokuset rundt landbruk og husdyr som klimaversting. Bondevennen brukte tittelen: Trøtte av klimaprat i artikkelen om Sørlandssamlinga, og mange er lei av denne negative merksemda. Ein kan òg bli trøytte av tørke, flaum, mykje regn og vind som gjer det vanskelegare å drive, men ein blir ikkje trøytt av å få kunnskap og gode argument som viser at landbruket tek klimaansvar og at kua ikkje er ein klimaversting sett i eit vidare perspektiv. Dei unge er utolmodige og vil ha handling og konkrete tiltak, og positive ting skjer med fôrtilsettingar, husdyrhelse, karbonlagring og god agronomi. Det vert forska på dette og norsk landbruk er ein spydspiss.

Harald Støyl i Felleskjøpet blei intervjua av Bondevennen om temaet klima på Sørlandssamlinga og han svarer svært godt for seg når det gjeld landbruk og klima. Ein må sjå positivt på det og gjere det ein kan i det landet me bur i, og ikkje minst formidle dette ut til forbrukarane. I Norge må me foredla grasmark til menneskemat. Noko anna er ikkje klimagreitt.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.