Økobønder i Rogaland og Agder betaler meir for kraftfôret

18.05.2020 (Oppdatert: 18.05.2020)

Nationen la 16. mai ut ein artikkel om jærbonden Geir Ingve Øglend på Jæren, som må betale 100.000 kr meir i året for det økologiske kraftfôret enn økobønder i andre landsdelar. Han har mjølkeproduksjon på 50 årskyr og har i tillegg 50 v.f. sau. Hovudårsaka er at det frå 2012 berre er FK Agri som produserer økologisk kraftfôr i Norge, og at det blir lagt på monalege fraktkostnader frå Austlandet til Sør-Vestlandet. Det fører til eit kraftfôr som er 20 prosent dyrare i Rogaland og Agder, enn i FK Agri sitt distrikt. Det er ikkje fraktutjamning på økologisk kraftfôr, men dette er noko som bør endrast raskt om ikkje økomjølkeprodusentane skal gje opp. Økokraftfôret ligg no over 7 kr/kg med ei auke på 1,30 kr/kg sidan 2016. FKRA er i ein prosess der dei vurderer eigen produksjon av økologisk kraftfôr, men volumet er lite og reglane strenge.

Les artikkelen i Nationen (krever abonnement i Nationen)



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.