Mentorordninga held fram i 2021!

09.09.2020 (Oppdatert: 09.09.2020) Knut Sigurd Haugå

Det heiter seg at det er vanskeleg å gjenta ein suksess. I mentorordninga gjer vi det likevel - for suksessen ser ut til å halde fram! Mentorordninga held altså fram i 2021!

Foto: Morten Berntsen

Er du ny bonde og kan tenke deg ein erfaren bonde som du kan spørje til råds om drifta er dette ei flott ordning! Det er ikkje krav om at du skal være ung for å få mentor – men du skal ha overtatt eigedomen i løpet av dei siste åra. Om det er rett før overtaking kan du og søke.

For å verte mentor skal du hatt eigen drift i nokre år – om du har 5-10 år eller meir er det flott! Det er ikkje nokon øvre eller nedre aldersgrense for å verte mentor.

Finansieringa kjem som i 2020 frå jordbruksavtalen. Nytt av året er at det er egen link for dei som ynskjer mentor («adept») og for dei som ynskjer å vere mentor.

Ynskjer du å få mentor søker du HER

 

Ynskjer du å vere mentor søker du HER

 

Søknadsfrist:  1. desember.

 

Info: kontakte regional kontakt knut.sigurd.hauga@nlr.no eller ring 91360016



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.