Tryggare med mentor

26.11.2020 (Oppdatert: 26.11.2020)

Som nyetablerte bønder søker Torunn Aanesland Strømme og Øystein Strømme kunnskap overalt; hjå andre bønder, på internett - og hjå sin eigen mentor Kristin Skranefjell Eikeland.

Gull verdt: Torunn og Øystein innrømmer gjerne at dei har mykje å lære og kvir seg ikkje for å ringe mentoren sin. – Kristin er gull verdt for oss, seier Torunn.

Denne artikkelen har vi fått lov til å låne av Bondevennen. Forfatter og fotograf: Liv Kristin Sola Publisert i BONDEVENNEN Nr. 34 - 6. november 2020

LES OGSÅ HELE ARTIKKELEN PÅ NETTSIDA TIL BONDEVENNEN, MEN IKKE GLEM Å SØKE FØR 1.DESEMBER

 

Nye bønder: Torunn Aanesland Strømme og Øystein Strømme og sonene Elias (12), Isack (10) og Aaron (4,5) flytta fra Oslo til gården Anesland i Birkenes kommune i Agder i fjor sommar. Dei har ammekyr, boergeiter og nokre høner i tunet. Begge har full jobb i tillegg til småbruket. Torunn er tilsett som førsteamanuensis i  pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Øystein, som er fra Jondal i Hardanger, er sosionom og jobbar med psykisk helsevern i Birkenes kommune.

Mentor: Kristin Skranefjell Eikeland driv gard i lag med mannen Ivar Eikeland, pa Bjelland i Marnardal i Agder. Dei har barna Isak, Julie og Kristian. Gardsdrifta består av mjølkekyr, ammekyr, okseoppdrett og nokre sauer. Begge er heiltidsbønder, men Kristin har tidlegare vore rådgivar hjå Nortura.

 

Når du går inn i nytt landskap er det ikkje alltid like lett å forstå kva ein skal bli klok på. Slik kjennest det somme tider for Torunn og Øystein. Etter tjue år i hovudstaden flytta familien på fem til Ånesland i Birkenes kommune i Agder for å overta Torunn sin slektsgård.

– For oss har mentorordninga definitiv vore verdifull. Det er flott å ha ein person med erfaring som prioriterer tid til å svare på alt det me kan finne på å lure på. For læringskurva har vore bratt, seier Torunn.

Kristin Skranefjell Eikeland har vore mentor for Torunn og Øystein sidan nyttår.

Plutseleg bønder

Me sit rundt det romslege kjøkenbordet heime hjå Torunn og Øystein, og gutane Elias, Isack og Aaron. Familien på fem var godt etablert i Oslo da dei fekk tilbod om å overta småbruket. Sjølv vaks Torunn opp på Birkeland. Ånesland var ferieplassen, sommar som vinter.

– Foreldra mine valde å ikkje bu her, på grunn av avstanden. I staden tok far turen hit kvar einaste dag for å sjå til dyra, seier Torunn. I oppveksten var det derfor ikkje realistisk å tenke at ho nokon gong skulle bu og drive dette vidare.

– Det handlar om utdanning, interesse, kven ein skal dele livet med, seier Torunn.

– Ho var altså heldig med val av mann, kommenterer Øystein.

For han vekker gardsdrifta ei interesse han ikkje visste han hadde.

– Eg har alltid likt å lære nye ting, og her får eg verkeleg bryne meg. Eg har fått ein heilt enorm respekt og ærbodigheit for bøndene, seier han.

 

Førstehjelp for nye bønder

Da flyttelasset var på plass og familien vel installert, seig kvardagen innover dei. Dei var blitt bønder, men kva innebar det eigentleg? Det vart timar framfor pc-skjermen. Telefonar fram og tilbake for å få tak i dei rette folka og dei rette instansane.

- Alt var jo nytt. Me leita etter svar på spørsmål me ikkje visste me skulle stille. Me veit ikkje kva me ikkje veit, seier den ferske bonden. Ho undrast om ikkje dette kunne vore enklare. All informasjon samla i ein manual eller ein nettportal for nye bønder. Alle register, alle datoar og tidsfristar som skal overhaldast, spesielle ordningar og midlar som finst, kven som veit kva og viktige telefonnummer.

– Ein slags digital førstehjelp til nye bønder, seier Torunn.

 

Fin velkomst

I all forvirringa kjende dei seg likevel velkomne. Ganske tidleg stod leiaren i det lokale bondelaget på døra.

– Med ein slik velkomst vart me kjapt medlemmar, seier Øystein. Dei skryt også av landbrukssjefen, av veterinaren og av Felleskjøpet og Jens Eide, slakteriet pa Sørlandet.

– Eg opplever at alle vil oss godt, seier Torunn. Litt tilfeldig, kom ho over informasjon om NLR si mentorordning, og søkte same dagen.

– Det var akkurat dette me trengde, seier bonden. Det har ikkje mangla på råd og god hjelp verken fra far til Torunn eller fra andre bønder for den del. Likevel kjennest det annleis med ein utanforståande mentor. Det gir nye impulsar.

– Eg hugsar Kristin sa ho var stolt bonde. At ho var så begeistra for yrket sitt, det smitta over på oss, seier Torunn.

 

Låg terskel

Kristin har lang erfaring, både som bonde med ammeku og mjølk, og som rådgivar for Nortura. Ho deler gjerne kunnskapen sin med andre, og første året som mentor har vore ei fin erfaring. Dei har snakka mykje om praktiske utfordringar rundt kalving, drektigheit, om fôring og hald, ting som handlar om god dyrevelferd og økonomi.

– Terskelen for å ringe Kristin er spesielt låg når det handlar om dyra. Det kan vere berre småting, og somme gonger er det mest berre for å få stadfesta at me har ≪tenkt rett≫, seier Torunn. Det vanskelegaste er å stå midt i ei utfordring og ikkje vete kva som er rett eller feil.

– Me må berre bestemme oss for kva me skal gjere og så gå for det, sjølv om me ikkje er sikre på at det er rett. Gjer me ingenting går det iallfall gale, seier bonden. Kristin kjenner seg att. Sjølv med mange års erfaring opplever ho det same. Det kan gå galt og dei mister dyr.

– Det er framleis vondt og eg bruker alltid litt tid på å fordøye det, seier Kristin.

 

Eige eller leige?

Dei overtok ein traktor, ein tilhengar og ein romsleg dyrehengar. No treng dei ei gjødselvogn, og rådfører seg med Kristin. Skal dei eige eller leige? Korleis plar andre å ordne seg? Lista av oppgaver er lang og prioriteringane harde. Tak og vindauge er skifta på huset og det har fått ny maling. Øystein har snekra nye liggebasar og gjort logistikken enklare i fjøset.

 «Eg hugsar Kristin sa ho var stolt bonde. At ho var så begeistra for yrket sitt, det smitta over på oss.»TORUNN AANESLAND STROMME

 – Det er små milepælar for oss i kvardagen, seier Torunn. Neste prosjekt er å grøfte beitene. NLR-rådgivaren laga grøfteplan og i takt med planlegginga rykka behovet for ein gravemaskin og ein sekshjuling stadig høgare opp på prioriteringslista. Med Øystein i gravemaskinen seine kveldar, håper dei å spare inn investeringa – og samstundes dekke bonden sin trong til å gjere ting han ikkje kan.

– Det gir eit utruleg adrenalinkick og kjensle av meistring, seier Øystein. Kristin smiler og nikkar.

– Det kallar eg ei kjensle av lykke, seier ho.

 

Buplikta har «skulda»

Dei overtok ein gard i drift. Huset var til å bu i og fjøset vart bygd opp etter ein brann for femten år sidan. Likevel var det ikkje sjølvsagt, verken at dei skulle bu her eller at dei skulle drive med dyr. Langt på veg gir Torunn buplikta ≪skulda ≫ for at det vart nettopp slik.

– Skulle me overta så måtte me jo flytte hit. Og dyra høyrer jo til på ein gard. Ikkje minst her som me berre har beite og skog, seier ho. Dyra kan dei ha fordi det ikkje er krav om formell kompetanse for å drive med husdyr.

– Me vurderte vinterlandbruksskulen, men akkurat no rekker me ikkje over meir, seier Øystein.

– I grunnen er litt rart at det ikkje er eit kompetansekrav også i landbruket, men på den andre sida kunne me ikkje gjort dette dersom det var eit slikt krav, seier Torunn. Fra dei fekk vete at dei skulle flytte tok det ikkje lang tid før også gutane begynte å legge planar.

– Dei skulle ha ei leikehytte i treet og høner i tunet. Det er på plass, seier Torunn. Her kan dei utfolde seg og ikkje minst ha kontakt med dyr. I tillegg er dei til god hjelp for foreldra. Torunn innrømmer at det har vore ein stor overgang for dei alle. Men dei ser lyst på framtida og har tenkt å bli buande.

– Garden har blitt eit fellesprosjekt og eg meiner det har gjort oss meir samansveisa som familie, seier Torunn.

 

Vegen vidare

Torunn og Øystein føyer seg inn i rekka av deltidsbønder i Agder. Likevel har Kristin tru på ei framtid på det vesle bruket. Ho har stor respekt for det dei har gjort.

– Om dei ikkje kan leve av det, så kan dei i alle fall leve godt med det, seier ho. Å utfordre seg sjølv og kjenne at dei meistrar oppgavene, det har blitt ei drivkraft for dei begge.

– Og ein smule galskap, seier Øystein.

– Den største utfordringa har vore å skjære gjennom og ta ei avgjersle. Når skal me ringe dyrlegen? Når treng dyra hjelp? Slike ting, og om me gjer ting rett eller galt, seier Torunn. Det finst som regel ingen fasit. Da er det godt å ha ein mentor som verkeleg er interessert i at dei lukkast. No skal dei diskutere kva for driftsopplegg som løner seg med det utgangspunktet dei har i dag. Skal dei fôre fram oksane eller selje dei til liv og heller ha fleire kyr

– Kva råd har de til andre i ein liknande situasjon?

– Hopp, før du tør, seier Torunn.

Få din egen mentor – gratis

Mentorordninga i landbruket innebærer at du som fersk bonde gjør en formell avtale med en erfaren kollega om å bistå som diskusjonspartner i drifta gjennom ett år. Tilbudet omfatter alle produksjoner, også Inn på tunet, lokal foredling med mer.

 

Etter et vellykket, treårig prøveprosjekt i Trøndelag, Vestland, Agder og Innlandet, ble ordninga utvidet til hele landet i 2020. I år deltar 121 par fra hele landet.

 

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for mentorordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge. Det gis økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

 

Regional oppfølging

Alle mentorpar blir tilknyttet en regionkontakt i NLR. Før dere setter i gang får dere opplæring i hva opplegget går ut på, og hva det vil si å være/ha mentor. Opplæringen skjer regionvis der mentorer, nye bønder og regionkontakter i NLR møtes.

 

Mentorparene inngår en avtale som innebærer kommunikasjon og møter gjennom ett år. Mentor mottar godtgjørelse. Tilbudet er gratis for deg som er ny bonde.

 

Gode tilbakemeldinger

– Mentorordninga har fungert veldig godt i de årene den har vært i drift. Vi ser at mange har stort utbytte av å delta. Dette er et gjennomarbeidet opplegg med opplæring av mentorer, samlinger og oppfølging gjennom året, sier Mette Feten som er ansvarlig for mentorordninga i NLR.

 

Nå har du muligheten til å være med i Mentorordninga i landbruket i 2021, enten som mentor eller ny bonde.

Søknadsfrist er 1. desember 2020.  

Søk opptak til Mentorordninga i landbruket 2021 >

Meld deg som mentor >



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.