Litt (lite) å hente……?

06.08.2020 (Oppdatert: 06.08.2020) Knut Sigurd Haugå

Potten for større prosjekt (driftsbygningar mm.) hjå Innovasjon Norge for 2020 er stort sett brukt opp no. Dersom det ikkje kjem tilleggsløyving i haust vil det ikkje verte løyvd midlar til større prosjekt før i 2021.

Nesten tomt!

Dette er ikkje bare i Agder at midla er brukt opp, stoda er stort sett lik over heile landet.
Det er derimot att midlar til ideavklaring eller etablering av prøveproduksjon td. for frukt og bær. Ta kontakt med oss om du tenker på å etablere slik tilleggsproduksjon, så kan vi hjelpe til med å lage søknad. Der tilhøva ligg til rette for det kan dette vere lønsam tilleggsnæring - eller hovudnæring!
Har du større byggeplanar kan det og være lurt å starte planlegging no sjølv om det ikkje er midlar å hente før om nokon månader. Det tek tid å skaffe den informasjonen som er nødvending for å kunne sende søknad om finansiering hjå Innovasjon Norge.
Vi har hatt mange saker med utbygging til ammeku i seinare tid. Det voner vi vil fortsette! Hugs på at mindre mjølkebesetningar skal prioriterast hjå Innovasjon Norge. For dei som driv med sau er det og opna for finansiering dersom du må bygge om fjøset utan å utvide dyretalet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.