Det er no det gjeld

07.04.2020 (Oppdatert: 07.04.2020) Inger Birkeland Slågedal

Så blei ikkje 2020 eit normalår likevel. Eit år med for lite vatn og eit år med for mykje vatn, ein mild og våt vinter og ein vår med for mykje virus. Det er no det gjeld å produsere mat.

Med von om gode avlingar i 2020. Rødkålfelt i Reddal, 2019. Foto: Astrid Gissinger

 

Koronaviruset har herja verda sidan desember, og Norge blei råka med den første smitta personen 26. februar. Sidan har det auka kraftig på og restriksjonane er omfattande. Det er umuleg å få inn utanlandsk arbeidskraft og enkelte kommunar har forbod mot ut- og innreise. Då må ein vere kreativ og finne lokale alternativ, som ungdom og anna aktuell arbeidskraft. Kan hende må myndigheitene også tilby inndekking av dyrare, norsk arbeidskraft?

Det er særs viktig at ikkje matprodusentane våre blir sjuke! Det er allereie mangel på avløysarar og det blir ikkje lettare om mange husdyrbønder må i karantene eller isolasjon. Ei anna utfordring er om verda kan levere viktige ingrediensar til kraftfôr og andre innsatsfaktorar til landbruket. Det er ikkje berre enkelt å bytte ut enzym og vitamin frå Kina med eigne erstatningar spesialkomponert kraftfôr til gris og høns.

Beredskapen kan vise seg å bli satt på prøve i desse tider, og me vonar at dette er ein vekkjer for oss når det gjeld sjølvforsyning og matsikkerheit.

Me i NLR Agder gjer så godt me kan med fagleg arbeid og oppfølging av medlem som treng dyrkingsråd og anna hjelp. Dette har me fullt fokus på, men fleire tilsette har små barn heime og kan ikkje arbeide fullt, og me må rekne med at tilsette blir sjuke og ikkje er tilgjengelege i periodar. Me har sett opp ein plan over kven som kan tre inn for dei som er sjuke, og gjere det beste ut av det. Meir av rådgivinga vil vere på telefon, Teams, Vekstnytt, info på nettsida og facebook. Og det er muleg å sende bilete av planter (utvikling, sjukdom, skadedyr osv) på telefon eller e-post  til rådgivar som då kan analysere og gje råd utifrå dette.

Me må stå saman og gjere så godt me kan!

 

Inger Birkeland Slågedal, dagleg leiar



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.