Saueprosjektet i mål

01.04.2019 (Oppdatert: 02.04.2019) Jakob J Saaghus

Prosjektet "Ny giv i saueholdet i Aust-Agder 2015-2018" blei avslutta i februar i år og sauetalet har auka på Agder. Fôrsituasjonen frå sommaren 2018 har redusert tal vinterfôra sau, og marknadsbalansen er like om hjørnet.

Frå folkefesten på Helle, med nøgde og oppstasa sauebønder, tre flunka nye sauefjos med rom for 1000 vinterfôra dyr og ein smørblid landbruksministar, Jan Georg Dale. Foto: Jakob Saaghus

SG-fylkeslag tok grep

Prosjektet kom i gang etter initiativ frå fylkeslaget i Aust-Agder  Sau og Geit, ved fylkesleiar Kåre Blålid.  NLR Agder blei prosjekteigar med Jakob J. Saaghus som prosjektleiar.

Sauehaldet i Aust-Agder var i fritt fall, og nær halvert frå årtusenskiftet, frå 18.000 til omlag 10.000 vinterfôra sau i 2012. Næringa tok sjølv grep, og prosjektet kom i gang med svært god hjelp frå Fylkesmannen i Agder, Fylkeskommunen og Setesdal Regionråd.

 

Mål om å auke rekruttering og lønsemd

Hovudmålet med prosjektet var å "stoppe" nedgongen i sauetalet gjennom å styrke fagmiljøet, auke rekruttering og kompetanse, redusere tap av dyr på beite og ikkje minst, auke lønsemda. Prosjektet fekk ein god start med over 100 frammøtte sauebønder på to mobiliseringsmøte, eitt i Froland og eitt på Ose.

 

Konkrete resultat

Prosjekt går fram i tid og svært mange faktorar kan påverke resultatet. I prosjektperioden har sauetalet auka med 23 %, frå 10.500 til 13.500 vinterfora sau. Det er arrangert 37 fagarrangement med ulike tema, spreidd over heile fylket. Fleire av arrangementa har vore "stormøte" der alle sauebønder i fylket er blitt invitert, med stor deltaking. Nye fjos er bygd og gamle er oppgradert. Søknader til Innovasjon Norge syner eit kostnadsgrunnlag på over 50 mill. kr.

 

Tilslutning til sauekontrollen er meir enn dobla og det har vore sterkt fokus på å styrke sauehelsa, auke rekrutteringa og betre lønsemda med konkrete tiltak, slik intensjonen var. Buskapstørrelsen har auka frå 45 til 57 dyr i same periode, i tråd med dei politiske føringar, også kalla Lishaugeffekten.
Etter prisfallet på kjøtt hausten 2017, blei fokuset på dei ulike arrangementa dreid meir frå kvantitet til kvalitet.

 

Tabellen syner tal sakar som er sendt Innovasjon Norge, og samla investering og tilskot. I tillegg har fleire kommunar gjeve kommunalt tilskot.

 

 

Tal saker

Sum tilskot, kr

Samla investering, kr  (ca)

Fordeling Kyst/Innland

2014

6

2,170 mill.

  10,85 mill.

2 kystprosjekt

2015

9

3,920 mill.

  19,60 mill.

2 kystprosjekt

2016

6

2,335 mill.

  11,67 mill.

1 kystprosjekt

2017

3

0, 540mil.

   2,16 mill.

2018

7

2, 170 mill.

   8,68 mill.

1 kystprosjekt

Sum

31 saker

11,135 mill.

 52,96 mill.

 


Saman er vi sterke

Gode møteplassar og samarbeid mellom dei ulike faglaga, på tvers av kommunegrenser, er etablert og prosjektet har framsnakka den viktige jobben sauebøndene gjer med å produsere lammekjøt av ypparste kvalitet.

 

Ein vil nytte høve og gi ein stor takk til  Fylkesmannen i Agder, fylkeskommunen, Setesdal regionråd og NLR Agder for økonomisk støtte. Takk også for eit glimrande samarbeid både med NSG-fylkeslag og dei mange lokallag.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.