Omstilling

01.08.2019 (Oppdatert: 01.08.2019) Inger Birkeland Slågedal

I fjor var det tørkekrise og i år er det nesten kronår med regn og sol i passe mengder, men kalde netter i mai og juni ga sein bærmodning.

Hausting av potetforsøk med sorten Colomba i Reddal.. Foto: Inger B. Slågedal.

Då blei det heldigvis ikkje eit nytt tørkeår som mange frykta, men heller ein sommar med mykje regn, til glede for alle med gras som har hausta svært gode avlingar så langt. Nokon fekk problem med å få slått på tida, på grunn av stadig bygevær, men alt i alt er det eit svært godt grasår. Også kornåkrane står frodige og fine.

Likevel må me tenke tilpassing og omstilling og vere budd når det gjeld klimaendringar, for dei er i full gang. Drenering er viktig, og det same er vatning, ikkje berre av åkervekstar, men også gras. NLR Agder er i gang med eit prosjekt på vatning av eng der me samanliknar avling med og utan vatning, og med økonomiberekningar for lønsemda ved investering i vatningsanlegg. Me nyttar dei nyutvikla fuktsensorane til Agdir for å hente inn data om innhaldet av vatn i jorda.

Med ønske om ei god skuronn for engfrø og korn!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.