Ny vekstsesong

01.04.2019 (Oppdatert: 02.04.2019) Inger Birkeland Slågedal

Det er herleg å kjenne sola varme og sjå at det grønkar på eng og i li. Mange er no i full gang med den travle vårvinna.

Foto: Karin H Nærland

Rådgivarane i NLR Agder har laga rekordmange gjødslingsplanar i vinter, og no er den planlagde gjødsla i ferd med å bli køyrd ut på jorder over heile Agder. Siste halvdel av mars har vært mild og mest utan nedbør med fine forhold for å køyre våronn. Lamminga nærmar seg og dei som driv med honningproduksjon har sjekka at det er liv i kubane. Gulrota blei sådd allereie i februar og tidlegpotetene er trygt i jorda med plast og duk.

 

Det er like spanande kvart år hossen vekstsesongen vil bli, men ei solid vårvinne er uansett eit godt utgangspunkt. Det gjeld også rådgivarane som skal i gang med forsøksfelt og utprøvingar innan dei fleste planteproduksjonar. Det er ekstra trykk på dette med meir og betre grovfôr – å legge ein strategi for auka avling, høgare fôrkvalitet og dermed betre lønsemd. Her er potensiale for mange og pengar å tene. Me vil slå eit slag for å teikne Rådgivingsavtale også innan grovfôrdyrking med tri timar rådgiving til prisen for to timar og rabatt om ein ønsker fleire timar. Då kjem rådgivar på garden og går gjennom driftsopplegget og planteveksten frå attlegg til hausting med vekt på slåttetidspunkt, fôranalysar, ugras og elles det bonden ønsker. Me tilbyr rådgivingsavtaler i alle planteproduksjonar.

 

Odd Harald Reve som har vore styreleiar i fem år og tidlegare styremedlem, gjekk av på årsmøtet i mars. Mange takk til han for den store innsatsen og alt han har lagt ned av tid i dette viktige vervet! Årsmøtet valte Britt Mjåland til ny styreleiar, og ho er den første kvinna i dette vervet i NLR Agder – velkomen til henne!

 

Med ønske om ein god vekstsesong!

Dagleg leiar - Inger Birkeland Slågedal

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.