Ny kunnskap på gang

29.04.2019 (Oppdatert: 05.06.2019) Inger Birkeland Slågedal

Det er nå grunnlaget for utvikling av ny kunnskap blir lagt, med forsøksfelt og utprøvingar på gardar rundtom på Agder.

Jarl Øystein og Jens setter potet på dryppvanningsfelt på Landvik. Foto: Inger Birkeland Slågedal

Etter påske er me i NLR Agder godt i gang med etablering av nye forsøksfelt og vidareføring av felt som allereie er i gang. Dryppvatningsfeltet i tidlegpotet på Landvik er satt, og her skal me prøve ut digitale fuktmålarar frå Agdir, og rekne lønsemd. Eit byggfelt på Lista er sådd, og utprøving av det kaliumrike stoffet vinasse til eng, er i gang på ein økologisk gard i Valle. Etablering av tunellfelt med langskot bringebær, og frå i år også bjørnebær, skjer i desse dagar. Og snart skal fleire felt etablerast, som utprøving av biokompost, slamkompost og biorest i grovfôr og korn.

Rådgiving på garden med rådgivingsavtaler er i full gang på potet, grønsaker, frukt og bær, og det er muleg å teikne slike avtalar i andre produksjonar som grønsaker, korn og grovfôr. Sprøytekursa i vår er ferdige og grovfôrprosjektet "Meir og betre grovfôr" hadde faggruppemøte like før påske og mange er motiverte for ein ny sesong. Vårtørken i mars og april er heldigvis over med regnet som kom førre helg, det var svært etterlengta det som kom. NLR Agder arrangerte eit fagmøte om vatning der det møtte mest 50 deltakarar. Me har i etterkant av det søkt Fylkesmannen om midlar til eit triårig vatningsprosjekt for å teste ut både teknikk og lønsemd ved vatning i korn og grovfôr.

Med von om ein god sesong for dykk alle!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.