Mentorordning 2020 - nå haster det med å søke!

27.11.2019 (Oppdatert: 27.11.2019) Knut Sigurd Haugå

Ynskjer du å vere med i mentorordninga i 2020 haster det å søke nå. Søknadsfristen går ut 1. desember.

Illustrasjonsfoto: Morten Berntsen

Etter 3 år med utprøving vart det vedtatt i 2019 at mentorordninga vert permanent og gjeld i heile landet.

  • Er du ny / ung bonde kan du få ein eldre / erfaren bonde som mentor.
  • Tilbodet gjeld alle typar produksjonar – også td. Inn på tunet og produksjon av lokalmat.
  • Du får ein diskusjonspartner som ser på drifta di med nye erfarne auger.
  • Mentor får godtgjersle for arbeid og reise.

God nytte

Preben Forgard Lindland og Elisabeth Moi Lindland har hatt mentor i to år – først mentor for kjøttproduksjon på uteganger kjøttfe, deretter i 2019 for villsau / gammalnorsk spelsau. Dei overtok eit gardsbruk i Kvinesdal for nokre år sidan. Ingen av dei hadde utdanning eller bakgrunn frå gardsbruk – då var det mange spørsmål som dukka opp då dei starta opp som bønder.

Preben seier «Vi har fått god oppfølging av mentor. Vi har hatt 4 – 5 møter i løpet av det siste året. Det har vore ulike tema frå gong til gong – døme på tema er gjennomgang av driftsform, klipping og snyltebehandling, beitegrunnlag, gjeterhund mm. Mentor har vore god til å stille spørsmål, ikkje komme med ferdig løysing. På grunnlag av mentor sine spørsmål har vi og vald å bytte rase frå villsau til gammalnorsk spelsau. Mentorordninga har vore nyttig for oss.»

 

Du finn link til søknadsside her:

> Søknadsskjema

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.