Det meste i hus

30.09.2019 (Oppdatert: 30.09.2019) Inger Birkeland Slågedal

Det blei en blaut haust og vanskar med å få tatt kornet og andreslåtten på tida, og dei seine potetane har og måtte vente.

Andreslåtten endeleg i ball. Foto: Inger Birkeland Slågedal

Samstundes med hausting av dei siste forsøksfelta i NLR Agder, er me i gang med jordprøvetaking og så smått med gjødslingsplanlegging også. Det har ikkje mangla regn denne sesongen, og spesielt august og september har vore våte. Det er balla store mengder med gras, om enn andre slåtten blei sein for mange. Beitene heldt seg frodige heile sesongen og det veks enno, sjølv om det har vore nokon frostnetter midt i september.

 

I det siste medlemsbladet er det ein artikkel frå eit kurs i rådgivingsmetodikk i Finland der dei har lukkast særs godt med å auke avlingane, nokon har dobla grasavlingane gjennom å vere med i erfaringsgrupper med ein rådgivar som coach. Dette har me starta opp med i NLR Agder med Grovfôrskolen, og med erfaringsgrupper i Storfekjøttprosjektet. Dette er noko me har stor tru på at er både interessant og lønsamt for bonden. Me har også hatt ein del med rådgivingsavtaler i år, der dei går inn i ein avtale om oppfølging av rådgivar på garden gjennom sesongen. Frå tri til så mange timar ein ønsker. Både individuell rådgiving og grupperådgiving er gode metodar, alt etter kva slags behov ein har.

 

No står jordprøvar og gjødslingsplan for døra. Ta gjerne kontakt for det du måtte trenge av rådgiving og oppfølging i haust!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.