Kan alltid bli betre

27.11.2019 (Oppdatert: 28.11.2019) Inger Birkeland Slågedal

Ein gjer mykje bra, men kan alltid bli betre. Og no er det tid for oppsummering, kompetanseheving og planlegging.

Fagtur til Finland for å studere faggruppemetodikk. Foto: Josefa A. Torp

Mykje har gått bra i år og me utviklar oss og lærer av det som ikkje går så bra. Ofte gjer me det beste, men så er det vèret eller anna som stikk kjeppar i hjula for oss. Denne regnfulle seinhausten gjer at det er flotte grønsaker som raudbeter som ikkje er råd å få hausta inn. Det er trist, men ikkje så mykje å gjere med akkurat no. Når ein ser framover og veit at vèr og klima er i endring, så er det viktig å møte dette med kunnskap og endringsvilje.

I NLR Agder driv me no med gjødslingsplanlegging og fagmøte, samtidig som me har gjennomført åtte fagrådsmøte for å evaluere sesongen som var og planlegge for eit nytt år. Mange av dei tilsette har nyss vore på Kursuka og fått fagleg oppdatering og inspirasjon på mange fagfelt. Det gjeld både korleis ein skal møte klimaendringar med god jordhelse, robuste engfrøblandingar, rette arter og sorter, dyrkingssystem og presisjonsteknikk. Og korleis ein kan nå ut med god rådgiving gjennom faggrupper der 6-7 bønder gjennom eit år møtast med rådgivar og utvekslar erfaringar om ulike tema. Dette er ein rådgivingsmetode me har stor tru på og det er bare å ta kontakt om du vil vere med i ei slik gruppa.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.