Ikkje heilt tomt ennå….

30.09.2019 (Oppdatert: 30.09.2019) Knut Sigurd Haugå

Innovasjon Norge sin pott for 2019 er ikkje brukt opp ennå. I potten for Aust-Agder er det lite att, medan det i Vest-Agder enno er middel att.

Ta kontakt for driftsplan og hjelp med innovasjonssøknad om du skal bygge. Foto: Jørgen A Torp

 

Har du plan om ei større investering på garden din er det ikkje for seint å sende inn søknad til Innovasjon Norge no i haust: I Aust-Agder er det lite att av potten, medan det i Vest-Agder er middel att.

 

Det går fort fram til nytt år, så uansett kva fylke du bur i er det lurt å lage plan for investeringa.

 

For større saker vil Innovasjon Norge ha med:

 

  • Teknisk plan med kostnadsoverslag eller tilbod
  • Driftsplan / vurdering av lønsemd
  • Skattemelding, næringsoppgåve og landbruksskjema 2 siste år (skattemelding også for ektefelle)
  • godkjent byggemelding,
  • leigeavtalar for jord, mjølkekvote mm

Skal du søke lån i lokal bank må du sende med lånetilsegn, søker du lån i Innovasjon Norge må du legge ved takst.

Vi hjelper til med å lage komplett søknad til Innovasjon Norge.

 

 

Kontakt/info

knut.sigurd.hauga@nlr.no , 91360016.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.