Trenger du driftsplan?

28.08.2019 (Oppdatert: 28.08.2019) Knut Sigurd Haugå

Fleire kan ha god nytte av en driftsplan på bruket sitt.

Vil du vite meir? Ta kontakt for meir info. Foto: Aina Øverland

NLR Driftsplan er en rådgjevingspakke som egner seg for alle gardbrukarar som er interesserte i resultatmåling og -utvikling i drifta si. Du får ein nøytral driftsplan med fagleg tyngde, som kan brukast for å søke lån, søke refinansiering eller støtte og lån frå Innovasjon Norge.

Kartlegginga gjennom NLR Driftsplan vurderer korleis drifta skal utvikle seg og kva arbeidssituasjon familiemedlemmer, eller andre som arbeider i drifta ynsker å ha framover. Ved store avgjerder så som nybygg, driftsomlegging og liknande, vil ein driftsplan være eit verktøy som kan avklare ulike alternativ. Driftsplanen vert lagd for dei neste seks åra.

 

Driftsplan blir utarbeida i samarbeid med gardbrukaren og familie. Driftsplanen omfattar alle jordbruksproduksjonar på garden og næring utanom, lønnsinntekter, skatt og privatforbruk, renter og avdrag samt finansiering av nye investeringar. Du kan også sjå korleis ei investering påverkar driftsresultatet utan å dra inn andre inntekter.

Vi bruker til vanleg mellom 10 og 25 rådgjevingstimar på å lage driftsplan, og besøker garden ein eller fleire gonger etter avtale.

 

For meir info, ta kontakt med knut.sigurd.hauga@nlr.no eller på tlf. 913 60 016

Aktuelle situasjonar kan være:

  • Vurdering av større investeringar eller omlegging av drift
  • Generasjonsskifte eller andre eigarskifte på gardsbruk er også svært aktuelle situasjonar, der ein driftsplan vil være nyttig både i forbindelse med verdsetting og aktuelle alternativ for vidare drift
  • Ved utfordring med økonomien kan ein driftsplan være eit viktig verktøy for å få kontroll og betre økonomistyring
  • Ved ynske om ein generell gjennomgang av økonomien med tanke på å optimalisere drifta
  • Andre situasjonar


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.