Vinter og vår

19.02.2018 (Oppdatert: 19.02.2018) | Nyhet

I vinter har det ikkje mangla på snø, frå hav til hei; til glede og bry. Etter vinter kommer vår, og då er me i gang att med å produsere mat.

Dagleg leiar på utdanningsmessa på Holt. Foto NLR Agder

Snø om vinteren er naturleg, det same er regn om hausten. Det er mengd per tidseining som kan bli for mykje. Meteorologisk institutt seier dette om flaumen på Sørlandet i fjor: "Oktober startet med et katastrofalt plask på Sørlandet. Regn som vanligvis faller i løpet av en hel måned kom på bare to dager. Alt vannet samlet seg til slutt i de store elvene som flommet over og gjorde skader for over en halv milliard."

Det var skadar på bygningar, vegar, avlingar og jord. God matjord blei erodert bort og forsvann, medan jorda generelt blei for våt å gjere haustarbeid på. For blaut og for tørt kan vere like gale i landbruket, men i tørre periodar kan ein i det minste tilføre vatn.

Vatning i jordbruket er eit eige fagfelt og dei som driv med åkervekstar må ha høveleg utstyr for vatning, og dei må bruke det rett for å få gode og friske avlingar. Dryppvatning er ein presis måte å tilføre vatn på, men det kostar meir. I fleire kulturar er det likevel aktuelt, då ein i tillegg kan tilføre gjødsel gjennom vatnet. Dette er noko med i NLR Agder vil finne ut meir om i komande sesong.

I grovfôrproduksjonen har for mykje regn vært ei større utfordring enn tørke dei siste åra. Me veit at global temperaturauke gir høgare luftfukt og meir nedbør, og då er det tiltak for å redusere jordpakkinga ein må sette inn. Det skal ikkje vere lett å vere bonde, ser det ut til – mykje kan gå gale, men kunnskap og erfaring hjelper på gode resultat på trass av veret.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.