Ny vår i fjellet

02.10.2018 (Oppdatert: 05.10.2018) ,  Jakob J Saaghus | Nyhet

Årets beitesesong i høgfjellet blei ei spennande reise. Med svært mykje snø i vinter, låg det an til å bli ein god beitesesong. Rekordkort snøsmelting gjorde at årstida plutseleg skifta frå vinter til sommar.

Heimsanking av flokken til Karin Marie og Steinar Kyrvestad i Valle. På veg ned frå Valle austhei, med Hommebygda nord om Valle sentrum. Foto: Solveig Kyrvestad

Som om ikkje det skulle vere nok, blei det ein tørkesommar som knapt nokon kan hugse. Sauebonden er difor ekstra spent på korleis dette vil slå ut når slaktelamma blir hengde på krok.

 

Tilbakemelding frå fleire beiteområde er at sauen i år har vore uroleg og trekt mykje. Mange melder om at dyra har kome ned i bygda meir enn nokon gong. Truleg skuldast dette lite vatn i vassdraga, i tillegg til at dyra har vore på trekk etter meir «saftig» mat.

 

Ein ny vår etter regner

Det blei som ein ny vår etter regnet som kom i august. Nye spirer skaut fart, dyra roa seg og lamma fekk eit ekstra tilskot den siste beitemånaden. Ting kan tyde på at dei dyra som gjekk høgast oppe hadde lågast tilvekst. Truleg har dette samanheng med at desse områda var ekstra råka av tørken, med skrinnare jordsmonn, sterk varme og meir vandring på dyra for å finne vatn.

 

Slakteria melder om at mange også i år har levert inn lam tidleg. I Aust-Agder er det noko betre klasse enn i 2017, med ei gjennomsnittsvekt på 19,5 kg, ein auke på 0,8 kg frå fjoråret. Med gode haustbeite vil dette kanskje auke endå meir. Mange har sett inn kraftfôr som tiltak på lam som ikkje er slaktemogne frå heia. Det er svært viktig for økonomien å oppnå minimum klasse 0+, og over 15,1 kg for å innfri slaktetilskotet på 500 kr/lam. I tillegg utløyser dette ofte andre kvalitetstillegg.

 

Trass i alt ser årets lammesesong så langt ut til å bli rimeleg god. Her, som elles, gjeld det å levere kvalitet. Det betalar seg!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.