Julefred

27.11.2018 (Oppdatert: 28.11.2018) ,  Inger Birkeland Slågedal | Nyhet

Avlingsskadane er rapportert og skal være ferdig berekna før jul. Då får ein håpe at erstatningane kjem slik at julefreden kan senke seg.

No er det meste av avlingane i hus og jordprøvesesongen går mot slutten. Det verkar som om dei fleste har sikra seg vinterfôr nok til husdyra sine, sjølv om det heldt hard og har kosta mykje. Då er det positivt at avlingsskadeerstatningane ser ut til å dekke inn ein del av skadane for dei fleste, sjølv om dei ikkje dekker opp for alt meirarbeidet og uroa dei fleste har slitt med.  

I Grimstadområdet er ikkje alt hausta enno, den siste kålen blir skjært i løpet av desember, og både kål og raudbete (som er hausta i haug) blir levert til Smaken av Grimstad før jul. Dimed er surkålen og sylta raudbete til jul sikra!

Det er ein lang vekstsesong her sør, og mange er glade for at vinteren ikkje har sett seg enno. Vona er at ein kan kjenne på at "Eg har gjort kva gjerast skulle…", og gå inn i advent og julehøgtida med mindre stress enn det har vore dette året - også om ein ikkje har "ysta ost og kinna smør" som det står i songen.

Jammen er det nokon som ystar ost på Agder, og dei lagar ost etter gull- og sølvstandarden, det blei bevist under oste-VM i Bergen i november. Det kan de lese meir om i dette bladet.

Ver og klima er to sider av same sak, men ikkje det same. Me har hatt mykje ver det siste året, frå flaumen i oktober i fjor, til snøvinteren og tørken i sommar. Vitskapsfolka meiner å kunne sjå ein klar samanheng mellom meir ekstremt ver og klimaendringar som skyldast store karbonutslepp. Og då må også landbruket gjere sitt til å redusere desse utsleppa. Korleis ståa er på den enkelte gard og kva for tiltak ein kan sette inn for å minke utsleppa, det kan etter kvart landbruksrådgivinga hjelpe til med. Ein ny klimakalkulator er verktøyet som skal brukast, men rådgivaren er minst like viktig for å tolke resultat og finne rett tiltak.

Ny kunnskap og kompetanseutvikling er nødvendig for å komme vidare og etter jul er det eit nytt år med nye sjansar, og etter nyttår kommer Sørlandssamlinga!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.