Håpet er lysegrønt

16.01.2018 (Oppdatert: 23.01.2018) ,  Inger Birkeland Slågedal | Nyhet

Etter vinter kommer vår, nytt liv og nye aktivitetar. No er det tid for å samle kunnskap og inspirasjon til å gjere det gode ennå betre.

Vinteren er kommet til Bjåen i Setesdal. Foto: Ragnhild Bjåen

Den andre helga i januar, i eit heilt nytt år – 2018, har vore innhaldsrik. Eg hadde gleda av å vere med første dagen av Sørlandssamlinga, der 300 bønder frå heile Agder samlast for å lære nytt, bli inspirert, bli kjende med kvarandre og ikkje minst, på ekte Sørlands vis; å ha det greitt! Han likte det, jærbuen som snakka om utviklinga på garden sin gjennom medgang og motgang, at det å ha det greitt er noko av det viktigaste; med seg sjølv, familien, naboane og folk flest. Den økologiske inspirasjonsbonden som kom til slutt i programmet den dagen, hadde prøvd og feila, og etter kvart lukkast godt med garden han kjøpte i Østfold då han var 20 år gamal. Han heldt fram detta med å være open, ta i mot hjelp og gripe sjansane som byr seg.

 

I den samanheng kom eg på kva korpsdirigenten på Birkeland sa då vi var på tur til Danmark, og nærma oss Gråsten slott; «det hadde vore moro å spilt for dronning Ingrid! Og det gjorde me. «Sjansen er som ein skalla mann med lugg; du må gripe han når han kommer, og ikkje vente til han har gått forbi», sa dirigenten.

 

I helga har også den blåblå regjeringa blitt blågrøn med litle Venstre. Om dette kommer landbruk og klima til gode, er ikkje godt å vete, men håpet er lysegrønt.

 

Det er fortsatt vinter, og etter vinter kommer vår – året og livet går i syklus; innsats og kvile, samle krefter, vakne opp og sprute ut energi; saman med sola og den velsigna fotosyntesen.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.