Dei unge imponerer

28.11.2017 (Oppdatert: 29.11.2017) ,  Inger Birkeland Slågedal | Nyhet

Mange talar om at fleire unge må inn i landbruket, og det er ulike tiltak for å rekruttere. Dei unge sjølv imponerer med pågangsmot i ei næring der korkje løn eller ferie er fastsett og regulert.

Cecilie ble kåret til årets "Ung bonde". Foto: Privat

Ung bonde av året kommer frå Agder, nærare bestemt frå Lista, og ho er medlem i NLR Agder. Cecilie Nilsen (32), driv saman med mannen Steinar kjøttproduksjon med 200 storfe av rasen Limousin, og saman med ein kompanjong avlar dei også fram Japanske Wagyu, ein storferase som brukast til Kobebiff, verdas mest kostbare storfekjøtt (beskytta merkenamn som ikkje er tillate å bruke i Norge). I tillegg har dei alpakka og sel livdyr og ull som blir spunne hos Telespinn. Snart blir det alpakkakjøtt å få kjøpt også.

 

Cecilie blei kåra til Årets unge bonde under FK Agri si landbruksmesse "Bedre landbruk" på Lillestrøm. Bak prisen står også Norges Bygdeungdomslag og McDonald's gjennom prosjektet "Grønn utdanning", der formålet er å styrke rekrutteringa til norsk landbruk. Cecilie blei stemt fram blant 453 nominerte unge bønder. Premien er eit reisestipend på 20.000 kr og avløysar i ei veke frå Norske Landbrukstenester.

 

Ein slik pris er med på å syne fram at bondeyrket også er for unge folk, at landbruk kan vere både tradisjonelt og innovativt – rett og slett kult.

 

NLR Agder har tilbod om startpakke for unge bønder, og eigne ung bondesamlingar for dei under 35 år. Dette for å lage eit miljø med nettverksbygging og erfaringsutveksling. Agder er også med i prosjektet Mentorordningen – Bonde hjelper Bonde, der unge bønder kan få ein erfaren bonde som mentor, og lære om produksjonen og alt som følger med det å vere bonde.

Unge bønder og mentorordningen

Les mer om kåringa av "ung bonde" Cecilie Nilsen fra Lista

-  Silje Birkeland er ung bonde og deltar i mentorordninga

Bli med i mentorordninga for unge bønder! – bonde hjelper bonde

 

 

Spesielle tilbud til unge bønder

Unge bønder 35 år og yngre får en spesiell fordel hos oss.

Vi ønsker å hjelpe deg i gang og gir deg en pakke med tjenester til en verdi av kr 3000,-.  Du kan bruke det på rådgiving, jordprøver, gjødslingsplan, eller annet.

Fordelen forutsetter at du står som betalende medlem i to år.