Storfemøte i Valle

16.12.2019 (Oppdatert: 09.01.2020) ,  Jakob J Saaghus

Tid: -
Sted: Kommunestyresalen i Valle


Møtet er ope for alle, både dei som driv med storfe i dag, og dei som ynskjer å vite meir om kjøttproduksjon på storfe.


I saue- og storfehaldet hentar me om lag 50 % av grovforbehovet gjennom året frå beite. I Setesdal ligg det særs godt til rette for denne produksjonen, med store og gode beiteressursar.


• Lilly Berland frå Innovasjon Norge vil orientere om kva dei kan tilby av hjelp.
• Dreng Ose starta opp med ammekuproduksjon for 3 år sidan. Han vil dele sine erfaringar på godt og vondt.
• Knut Sigurd Haugå og Jakob J. Saaghus frå Norsk Landbruksrådgiving Agder vil ta opp tema som marknad, økonomi, oppstallingsalternativ, raseval og grovforbehov mm.


Vel møtt til ein triveleg fagkveld der ingen har fasiten, men der det er rom for spørsmål og samtale.

Arr. Storfekjøttprosjektet på Agder 2017-2020.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.