Me har gleda av å invitere til kombinert markdag og maskindemo hjå Terje Birkeland. Der blei det teke tette jordprøver i fjor haust. Dei er koordinatfesta og bruka til å lage eit stort kart av jorda. Med våren godt i gang er der no klart for variabel tildeling av kalk og redusert jordarbeiding. Me i NLR kjem til å prate litt om det teoretiske og praktiske rundt koordinatfesta jordprøver og kalking. Helge Haugaas i samarbeid med Franzefoss Minerals AS presenterer og demonstrerer kalkvogn lasta og klar for variabel tildeling av kalk, og Felleskjøpet Rogaland Agder vil vise skål- og rotorhorv i aksjon.

Vel møtt!

Frå NLR stiller:

Jan Karstein Henriksen, teknikk og jordarbeiding

Nere Haugå, presisjon og Skifteplan

Svein Lysestøl, grovfôr

Ingen påmelding, enkel servering.