Årsmøtet i NLR Agder blei i år arrangert som eit hybridmøte, dvs både eit fysisk møte på Varodd i Kristiansand, samstundes som det blei strømma på Teams. Det var 16 som deltok fysisk og 8 var med digitalt på årsmøtet i NLR Agder på Varodd i går kveld. 21 var stemmeføre. Nestleiar i styret, Ole Helle leia møtet. Brit Mjåland blei attvalt som styreleiar, og Bernhard Arnevik og Per Try blei attvalt som styremedlem. Kari Kleivset Brunvatne orienterte om prosjektet Matregion Agder og ho fekk eindel tilbakemeldingar på kva som skal til for at det skal dyrkast meir mat på Agder. Etterspørsel, enkel distriubusjon og først og framst lønsemd er viktige faktorar. Protokollen blir lagt ut neste veke når den er underskriven.