Årsmøtet i NLR Agder blir også i år eit digitalt møte på Teams på grunn av korona. Me håper likevel at mange vil vere med. Den nye direktøren i NLR, Bjarne Holm deltek i møtet. Kvart medlemsbruk har inntil to stemmar som tel ved deltaking i møtet. For å kunne stemme må ein ha betalt siste års kontingent og begge på eit bruk melde seg på årsmøtet for å nytte to stemmar.

Styret 06 01 2020 Eikerapen 2 2
Styret 2020, fv Achim Heim, Terje Birkeland, Brit Mjåland, Bernhard Arnevik, Per Try, Svein Lysestøl, Ole Helle. Foto: Inger Birkeland Slågedal

Tid: Onsdag 17. mars kl. 19.30

Stad: Digitalt møte på Teams


VELKOMEN!

Saksliste

Velkomen ved styreleiar

  1. Godkjenne innkalling og saksliste
  2. Velje møteleiar, referent og to til å skrive under årsmøteprotokollen
  3. Handsame årsmelding og revidert rekneskap for 2020
    • Årsmelding og revidert rekneskap
    • Styret føreslår at overskotet på kr 240.364,- tilførast eigenkapitalen
    • Styret tilrår årsmøtet å godkjenne årsmelding og rekneskap
  4. Innkomne saker (sak 6)
    • Forslag vedtektsendring (krev 2/3 fleirtal): § 1. NLR Agder er en forening med oppgaver rettet mot landbruket med hovedkontor i Songdalen kommune, endrast til: NLR Agder er en foreining med oppgaver rettet mot landbruket. §9 Årsmøte pkt. 4. Fastsette medlemskontingent for inneverande år, endrast til: Fastsette medlemskontingent for neste år.
  5. Fastsette medlemskontingent for 2021 og 2022 (sak 4)
  6. Få framlagt styrets budsjett og arbeidsplan for 2021 (sak 5)
  7. Gjennomføre val

Styret 2020 har bestått av:

Brit Mjåland, Lindesnes, styreleiar, Ole Helle, Kvinesdal, nestleiar, Svein Lysestøl, representant for dei tilsette, Bernhard Arnevik, Grimstad, Terje Birkeland, Evje og Hornnes, Per Try, Kristiansand, Achim Heim, Kristiansand

Vara til styret 2020: 1. vara Jan Petter Gjertsen, Farsund, 2. vara: Kristin Skranefjell Eikeland, Lindesnes, 3. vara: Knut Olimstad, Arendal

På val:

Leiar Brit Mjåland, Lindesnes, styremedlem Achim Heim, Kristiansand, Terje Birkeland, Evje og Hornnes, Ole Helle, Kvinesdal, samt varamedlem Jan Petter Gjertsen, Farsund, Kristin Skranefjell Eikeland, Lindesnes og Knut Olimstad, Arendal.

Ikkje på val:

Bernhard Arnevik, Grimstad og Per Try, Kristiansand.

Tilsette sin representant 2021-2022:

Sigbjørn Leidal er vald av personalmøtet med Josefa Andreassen Torp som vara.

Val på leiar og styremedlem skal vere skriftleg.

Innstilling frå valkomitèen :

1.a Styreleiar for eit år:

Britt Mjåland, Marnardal, attval

1.b Styremedlem for to år:

Achim Heim, Kristiansand, attval

Ole Helle, Kvinesdal, attval

Terje Birkeland, Evje og Hornnes, attval

1.c Tri nummererte varamedlemmer for eit år:

  1. vara: Jan Petter Gjertsen, Farsund, attval
  2. vara: Kristin Skranefjell Eikeland, Marnardal, attval
  3. vara: Knut Olimstad, Arendal, attval

1.d Val av revisor :

Styret tilrår årsmøtet å velje Revisorsenteret i Mandal som revisor i 2021.

1.e Val av medlem for fire år og varamedlem for eit år til valkomitèen

(2022-2025): Arne Kolnes, Farsund, ny

Personleg vara: Torbjørn Vere, Farsund (bytt plass frå 2020-2023)

Personleg vara for Erik Fløystad: William Henningsen, Arendal ,attval for 2020-2023 (i staden for Torbjørn Vere)

Desse er vald tidlegare:

(2018-2021): Odd Harald Reve, Farsund

Personleg vara: William Henningsen, Arendal

(2019-2022): Jon Øina, Iveland,

Personleg vara: Knut H. Nomeland, Valle

(2020-2023): Erik Fløystad, Arendal

Personleg vara: Torbjørn Vere, Farsund

(2021-2024): Ole Didrik Steensohn, Grimstad

Personleg vara: Tor Helge Arnevik, Grimstad

Siste året i valkomitèen er vedkommande medlem leiar.

  1. Fastsette godtgjersle til tillitsvalde etter tilråding frå valkomitèen

Tilråding godtgjersle 2021

Satsar

Styrets leiar

Nestleiar

35.000 kr/år

6.000 kr/år (ny)

Styremedlem

4.000 kr/år

Dagmøte

Digitale møte > 3 t

Digitale møte < 3 t

1.800 kr/møte

1.800 kr/møte (ny)

900 kr/møte (ny)

Telefonmøte

450 kr/møte

Reise og køyrekostnader dekkast etter statens regulativ.

Hjarteleg velkomen til digitalt årsmøtet 2021!