Dekningsbilen er oppgradert og skal ut til alle NLR sine regionar. Akkurat no er bilen i Agder, der rådgjevar på presisjonsteknikk Nere lærer dei ulike systema på bilen. Bilen har blant anna blitt oppgradert med eit AgLeader RTK-anlegg for oppkøyring av skiftegrenser og rattmotor for demonstrasjon av autostyring i felt. Mobil RTK gir 2-3 centimeter nøyaktigheit og sikrer at grensene er korrekte. (Til samanlikning har EGNOS, som gratis satellittbasert korreksjon, 20-30 centimeter nøyaktigheit.) Bilen har også blitt supplert med ISOBUS og Kverneland IsoMatch InDemo, som er ei kontakt for simulering av reiskap. Den pluggast rett inn i ISOBUS-kontakta, slik ein ville gjort på ein traktor, og gjer det mogeleg for oss å prøve ulike funksjonar utan å ha ein spreiar på bilen.

Presisjonsutstyr som dette er ei investering for betre utnytting av knappe ressursar. Me bygger kompetanse for at alle medlem i NLR Agder skal få best mogeleg utbytte av investeringane de gjer. Med hensyn til smittevern blir det ikkje markdagar/fagmøter med Dekningsbilen her i Agder i denne omgang. Bilen kjem tilbake til hausten og me håper det ligg til rette for meir normal aktivitet innan den tid kjem. Om de har spørsmål, lurer på noko eller berre har lyst til å slå av ein prat om presisjonsutstyr må de gjerne take kontakt!

Naeyaktiv autostyring NKH
Autostyringa er særs nøyaktig, men er begrensa til kva korreksjon ein køyrer. Her ser ein forskjellen eksempel på at sporet ‘flytter’ seg over tid, slik det vil gjere med EGNOS.. Det raude sporet blei køyrd cirka ein time før. Med RTK vil ein treffe same spor om att og om att, år etter år. EGNOS tillèt likevel langt meir nøyaktig køyring enn det ein klarer på augemål.
ISOBUS plugg NKH
ISOBUS-plugg i vanleg kontakt under, og simuleringa på eit JohnDeere display over.
Ag Leader Steady Steer KSH
AgLeader SteadySteer montert rundt rattstamme og InCommand 1200 display til høgre. Rattmotor og tannkrans demonterast før køyring på veg.