Ca O behov
Medlem
⋅ Kalking

Koordinatfesta jordprøver og tildelingsfiler

I forbindelse med jordprøvetaking vil me no anbefale å take koordinatfesta jordprøver på større jorder. Før har ein trudd at det er lite variasjon i jorda, men fleire år med koordinatfesting viser at jordtype, pH, fosfor og moldinnhald kan variere mykje på kort avstand. I Agder har me mykje jorder i dalsider og -botnar, med potensielt store variasjonar innad på skiftene.
Nere
Medlem
⋅ Presisjonslandbruk

Ei innføring i presisjonsjordbruk

I NLR satsar me på presisjonsjordbruk. Innad på eit skifte kan det vere store variasjonar i jorda, som gjev ulike vekstvilkår til plantene. Forskjellar i pH kan gjere det unødig å kalke i ein ende av jordet, medan den andre enden aldri kjem opp på riktig pH. Dette kan ein sjå ved å take koordinatfesta jordprøver. Ein tek gjerne litt tettare jordprøver, cirka 6-8 daa per prøve, systematisk, for å få fram variasjonar på skiftet. Ut frå desse kan me lage ei kart over variasjonar på skiftet, og tildele kalk deretter.