Meir presis agronomi

26.03.2018 (Oppdatert: 26.03.2018) ,  Jogeir Magnar AgjeldInger Birkeland Slågedal

NLR skal vere best i landet på rådgjeving i presisjonslandbruk. Vi skal gi nøytrale råd om kva som er best for deg, samtidig som vi har god kontakt med maskinbransjen.

Pass på køyrespora. Foto: Jogeir Agjeld

Jogeir Agjeld (42) er tilsett som fagkoordinator på maskinteknikk og presisjonsjordbruk i NLR sentralt. Han er sauebonde på Vestlandet og har vore journalist i fagbladet Bedre Gardsdrift i 20 år med landbruksteknikk som hovudtema. Agjeld har fått i oppgåve å utarbeide ein strategi for presisjonslandbruk i heile NLR, og vyane er store.

 

Kva er presisjonslandbruk?

Agjeld seier at presisjonslandbruk er eit verktøy for å forvalte ressursane på ein god måte og ein moglegheit for optimal handsaming av planteveksten. I utgangspunktet er det viktig å vere ein bevisst bonde som forstår plantevekst og agronomi. Og presisjonslandbruk treng ikkje vere dyrt; det er alt frå å sette ut brøytestikker som siktemål ved gjødsling til full autostyring med robotar. Pakka jord, istykkerrivne planterøter, "passeleg" gjennomsnittsgjødsling er ikkje optimalt for plantane. Mykje kan gjerast med bevisst køyring, treffe med tiltaka, og idealet er faste køyrespor. Det er også stor hjelp i å ha autostyring, eller i det minste sporfølgingsutstyr. Lange, rette liner er ein fordel. Ikkje snu med fulle lass, eller køyr på kryss å tvers av jordet – tenk gjennom kva køyremønster som gir minst belastning. Med ei bevisst haldning i botn, kan ein betre planlegge kva for elektroniske hjelpemiddel ein har behov for.

 

Best på rådgjeving

Fleire NLR-regionar har teknikkrådgjeving og på Agder har vi rådgjevar Karstein Henriksen som i mange år har gitt gode råd om val av reiskap og maskinar, både når det gjeld haustemetodar, kapasitet, økonomi og ikkje minst for å redusere jordpakking. No er tida inne for å gjere eit løft og oppdatere seg på presisjonslandbruk og robotisering av landbruket. I fjor arrangerte NLR Agder saman med NIBIO Landvik og Teknova, eit seminar med demonstrasjon av dronar.

 

Dette er noko som kjem raskt, og maskinleverandørane vil gjerne selje, men då er det viktig for bonden å kunne rådføre seg med ein nøytral instans som kan sjå kva det er behov for og vurdere kost-nytte av ei investering.

 

Meir presis agronomi gir lågare ressursbruk, større avkastning, høgare kvalitet og lågare miljøpåverknad. Difor skal fagfeltet maskinteknikk med presisjonslandbruk styrkast kraftig i NLR. Jogeir Agjeld kommer til årsmøtet i NLR Agder 21. mars på Evjetun for å vise bilete og fortelje om kva dette er.