Basert på mange forsøk, er det mest ugunstig for avlinga at det kjem store nedbørsmengder på kort tid i mai, juni og halvvegs ut i juli. I tillegg gir delt nitrogengjødsling litt mindre risvekst, tidlegare knolltilvekst og høgare avling. Aller sikrast resultat med delgjødsling får ein på areal kor det er tilgang på vatning.

Ein veit også frå tidlegare forsøk at radgjødsling gir om lag ti prosent høgare avling enn breigjødsling. Dette vart godt dokumentert da potetsettarane kom med radgjødslingsutstyr. Når det gjeld fosforgjødsling, er det i all hovudsak det som blir molda inn i jorda som blir plantetilgjengeleg same vekstsesong. Til delgjødsling skulle ein derfor hatt tilgang på NK-gjødsel som Unika Kali eller Unika Calcium. Kanskje aller helst det siste som i tillegg til N og K også tilfører lettilgjengeleg kalsium. For å vera sikker på god effekt av delgjødslinga er det sikrast å hyppe etterpå.

Felles for all gjødslingsplanlegging, er at ein tek utgangspunkt i gjeldane jordprøve for å fastlegge behovet for fosfor og kalium.

Tabell 1 gjengir fosfornormane som blir bruka i Sverige. Potet fører bort om lag 0,5 kg P pr. tonn avling. Ugunstig høge eller låge pH-verdiar reduserar tilgjengelegheita for fosfor.

I Tabell 2 er det tatt utgangspunkt i Yara Sverige sine tilrådingar for kaliumgjødsling. Dei svenske normane skil seg frå norske både ved dei lågaste og høgaste K-AL verdiane. Ved eit K-AL tal på 2, ville ein ved å bruke norske tilrådingar komme ut med eit kaliumbehov på 23,5 kg/daa for ei forventa avling på 3 tonn/daa. Det er nesten 5 kg mindre. Ved eit K-AL tal på 18, ville behovet i Norge blitt 12,5 kg kalium pr. dekar, mot Yara Sverige si tilråding om 3 kg. Har derfor tilpassa tabellen ved å hente noe frå Yara Norge og gamle gjødslingsforsøk med kalium for å tilpasse tabellen for K-AL verdiar over 16. På jord med dei aller lågaste K-AL verdiane, er det mange forsøk både frå Sverige og Danmark som tyder på at den norske tilrådinga kanskje er i minste laget. Har difor ikkje gjort noen endringar ved låge kaliumtal.

Retningsliner for bestemming av nitrogennivå er gjengitt i Tabell 3. Ved sida av retningslinene i tabellen, skal tildelinga justerast etter jordart, moldinnhald og sesong. På bakgrunn av mange forsøk med delgjødsling, er den generelle tilrådinga å gi 60-70 % av N-behovet ved setting som FG 12-4-18 eller FG 8-5-19 og resten av behovet som ei eller to delgjødslingar. På grunn av manglande utval, blir både matpotet og sortar med høgt kaliumbehov delgjødsla med Fullgjødsel. I tillegg kan noe av nitrogenbehovet dekkast med Kalksalpeter eller Opti-NS 27-0-0-4.

Produsentar som har satsa på flytande gjødsling har mange fleire gjødslingsslag å velje mellom. Men den generelle tilrådinga om fordeling gjeld også for flytande gjødsling.


Startgjødsel

Startgjødsel til potet i form av NP 12-23 eller flytande i mange variantar, har i forsøk gitt avlingsauke på jord med låge P-AL verdiar (under 8-10) og kald jord (l siltjord). På jord i god hevd som vanlegvis fort blir oppvarma av sola, er det generelt små utslag for startgjødsling. Men startgjødsling har ført til auka knolltal i sortar som generelt dannar relativt få knollar. I gjennomsnitt kan ein kanskje rekne med å auke knolltalet med om lag ein. Innovator og Oleva har som regel litt få knollar.


Avlingsnivå

Noen år er N-behovet større enn normalåret. Uansett om det er på grunn av ei forventing om større avling eller mye nedbør i første del av vekstsesongen. For å avgjere avlingsnivå er det nødvendig å rekne knollar etter at knolldanninga er avslutta. Med eit sikkert grunnlag for knolltal er det enkel rekning å lage eit overslag på totalavlinga. Saman med aktiv bruk av Nitrogenkalkulatoren, som er å finne på www.vips-landbruk.no, kan ein da rekne ut eventuelt behov for tilleggsgjødsling. Er det stort tap av nitrogen, bør tilleggsgjødslinga innehalde både nitrogen og kalium. Etter som vi ikkje har Unika-produkt i landet, betyr det i praksis eit val mellom FG 12-4-8 eller FG 8-5-19.


Bladsaftmåling

Ved sida av rettleiande tabellar, jordprøver, erfaring og Nitrogenkalkulatoren, har Laquatwin måling av bladsaft blitt eit av fleire hjelpemiddel til å sjekke om nitrogenstatusen i planta er god. NLR Trøndelag har bruka måling av plantesaft som hjelpemiddel i gjødslingstilrådinga sida 2014. Og ved hjelp av gjødslingsforsøk i fleire sortar over fleire år, har ein etter kvart bygd opp god innsikt i bruken av bladsaftmålingar. På grunnlag av forsøka er kurven for Asterix gjengitt i figur nr 1.

Skjermbilde 3

Det er viktig at målingane blir gjort på plantar i normalt god vekst, og at det ikkje har komme store nedbørsmengder dagen før måling. Generelt er presisjonen i måling best fram til blomstring. På bakgrunn av forsøk frå 2014 -2019, er det laga tilsvarande kurver for dei fleste av sortane som har litt dyrkingsomfang.

Bladgjødsling

I tillegg til å sørge for at planta har nok N,P og K tilgjengeleg, må ein også passe på tilgangen av andre makro- og mikronæringsstoff. Ein bladanalyse tatt ut 25-30 dagar etter 50 % spiring, kan vera eit nyttig hjelpemiddel til å sjekke tilstanden. Dersom bladanalysen viser mangel på noe, er det mange leverandørar av egna bladgjødsel. Bruk det når du treng det. Om det ikkje er behov, er det berre ein unødvendig kostnad.