Det er mange problemstillingar som er like frå år til år. Ugrassituasjonen er ein av dei. Den økonomiske skadeterskelen treng ikkje å vere den same som den einskilde bonde styrer etter. For somme er nokre få høymoler gale nok, medan andre tek ugraskampen litt lettare. Her kjem litt råd når det gjeld val av ugrasmiddel etter 1. slått, evt. etter 2. slått:

Eng med kløver

Mot høymole har vi mange middel å velje mellom. Vi må først og fremst skilje mellom eng med og utan kløver. Har du eng der kløver framleis finst i så stor grad at den er viktig, så er det i realiteten berre Gratil + klebemiddel som er aktuelt å bruke. Dette er godt mot høymole og brukbart mot løvetann. Mot vassarve er det noko dårlegare. Express SX er svært godt både mot løvetann og vassarve, men er godkjent berre i varig beite og i attlegg. Harmony 50 SX står også oppført som aktuelt i eng med kløver i fleire tabellar. Vår erfaring er at Harmony 50 SX kan gje stor skade på graset i form av gulning og tilbakesett vekst. Behandlingsfrist for desse er 7 dagar.

Bilde 1 Hoymole Fitje 1
Vanleg høymole på ideelt sprøytestadium etter slått.

Eng utan kløver

I eng som er nokre år gamal er kløver stort sett borte, og vi har mange middel å velje mellom. Flurostar 200 og Tomahawk 200 EC er to heilt like middel som er svært gode i kamp mot høymole, løvetann og vassarve. Desse blir ofte førsteval når vi ser på verknadsgrad og pris. Du skal likevel vere klar over at er ein skilnad i bruk av desse to midla. Flurostar kan brukast berre ut juli månad, medan Tomahawk kan brukast ut august. Behandlingsfrist er 7 dagar.

Starane XL og Cleave er to andre gode høymolemiddel som også verkar godt mot løvetann og vassarve. Dette er to namn på det same kjemiske middelet. Prisen ligg på same nivå som for Flurostar og Tomahawk. Behandlingsfrist er 7 dagar også her.

Bilde 3 Lovetann etter slatt
Svært mykje løvetann i vår. Her ser vi eng etter 1. slått. Løvetannblada er tydlege. Det kan vere aktuelt med sprøyting her no. Aktuelle middel er bl.a. Flurostar/Tomahawk, Starane XL, Duplosan Super. Val av middel er avhengig også av kva for andre ugras som finst.

Mekoprop er eit gamalt, godt middel mot mange ugras. Middelet har hatt fleire ulike handelsnamn. Døme er Duplosan Meko og Mekoprop Nufarm. Tidlegare var Mekoprop eit mykje tilrådd middel mot høymole. I 2017 blei høgste lovlege dose redusert til det halve i høve til tidlegare. No er maksimal dosering 200 ml. pr. dekar. I praksis har det synt seg at denne doseringa ikkje har vore god nok mot høymole. Mekoprop er også godt mot vassarve. Behandlingsfrist er 14 dagar.

Bilde 4 Lovetann og vassarve var 2022
Når vi ser denne blandinga av løvetann og vassarve før 1. slått, er det all grunn til å følgje med og vurdere situasjonen i gjenveksten etter slåtten.

Banvel er eit gamalt middel som framleis er i handelen. Svært god verknad på høymole og vassarve, men er svært dyrt i bruk ved breisprøyting. I praksis er dette mest aktuelt til punktsprøyting mot høymole. Banvel har behandlingsfrist på 21 dagar.

Bilde 6 Byhoymole 2
Byhøymole er vanskelegare å bekjempe kjemisk enn vanleg høymole. Punktsprøyting med Banvel kan vere eit godt råd, men på eit tidlegare stadium enn vi ser på bildet her.

Duplosan Super er eit svært godt og allsidig middel. Dette er samansett av tre ulike kjemiske middel som gjer at det har brei og god verknad på mange ulike ugras. Duplosan Super er svært godt mot høymole, engsoleie, krypsoleie, løvetann og vassarve. I tillegg er det kanskje det beste valet også mot hundekjeks. Behandlingsfristen er på 21 dagar, så ein kan kome i konflikt med denne ved bruk i beite.

Vassarve i eng Moane 2022
Vassarve i eng rett før slått.

I tillegg til det som er nemnt her, så kan det vere aktuelt å blande ulike middel. Ta kontakt med ein rådgjevar i NLR Vest om du vil diskutere meir detaljar og ugraskamp mot andre ugras!

Det er lenge igjen av sesongen. Bestill eit rådgjevingsbesøk her

Link til: Verknadstabell for ugrasmiddel i eng og beite