Somme likar det, andre likar det ikkje. Vi møter mange argument for og imot attlegg om hausten. Haustattlegg er forbunde med ein viss risiko med omsyn til såtidspunkt, type frøblanding, topografi og fare for skade ved kraftig regn, hjortebeiting utover haust og vinter m.m. Det er ein myte at du ikkje treng sprøyte mot frøugras når du sår attlegg om hausten; vintereittårige frøugras spirer og står klar til bløming neste vår.

I skrivande stund har vi nettopp hatt ekstremvêret «Hans» over oss. Dette tilseier at det kan gå ei stund før du kan kome deg i gang med jordarbeiding og attlegg, men det hastar. Vi held på den gamle regelen at eit attlegg bør såast seinast rundt 20. august. Mange har erfaring for at det også kan gå bra med seinare såing, men då grensar det ofte til «gambling», sjølv om optimismen er stor og vêret er fint utover i september. Vi har nok av historier der bonden må så på nytt neste vår.

Dersom du har hausta 2. slåtten for ei til to veker sidan, og såleis har ein grei gjenvekst til brakking i løpet av vekes tid, og vêret elles er på di side, så har du ein sjanse til å få sådd i nærleiken av 20. august. Dersom du ikkje treng brakking, så har du endå betre tid på deg.

Her er nokre grunnreglar du bør følgje:

  • Brakking når kveka har fått 3-4 blad eller meir
  • Vurder behovet for ekstra tiltak mot t.d. høymole, krypsoleie og hundekjeks
  • Vent ei lita veke etter sprøyting før du pløyer eller jordarbeider på annan måte
  • Såing rundt 20. august, eller du kan drøye det ut mot månadsskiftet?
  • Kløver og strandsvingel etablerer seg dårleg ved sein såing. Det er i seinaste laget alt no.
  • Tromle før og etter såing kan ofte vere lurt
  • Ugrassprøyting om hausten set attlegget tilbake og gir dårlegare overvintring. Det vil oftast vere behov for sprøyting mot spesielt vassarve og gjetartaske neste vår (vintereittårige frøugras).