Ofte blir det brakka med glyfosat for seint om hausten eller på areal med for lite bladmasse. All potensiell avling skal gjerne utnyttast, samstundes som du vil ha godt resultat etter brakkinga. Graset må vere i god vekst og ha minst 3-4 blad, og du skal føle at du «vassar» i graset når du går der. Noko avling må gå tapt ved vellukka brakking. Du får sjeldan i «pose og sekk».

Brakking av eng under gode tilhøve om hausten kan vere nødvendig for at du skal få til eit vellukka attlegg tidleg neste vår. Tidleg brakking i august vil gje ny spiring av ugras utover ein lang haust. Spesielt tunrapp og frøugras vil fort spire frå frø og stå grønt gjennom vinteren. Difor vil du ofte føle behov for ny sprøyting til våren. For sein brakking vil ikkje ta knekken på kvekerøtene, sjølv om alt kan sjå dødt ut. Du bør ikkje brakke seinare enn rundt 20. september. Det er betre å ofre ein slått eller ei beiting for å få eit kvekefritt gjenlegg til neste år.

Dersom du tek tre slåttar vil du ha problem med å få til vellukka brakking i haust. Unntaket er om du har raigrasbasert eng der 3. slått gjerne er teken midt i august. Dersom du sler to gonger, og skal ha beiting etterpå, får du også problem med å brakke under gode tilhøve.

Har du mykje høymole i enga, tilrår vi å blande glyfosat og eit høymolemiddel (t.d. Starane XL/Cleave) når du brakkar. Har du mykje hundekjeks i enga, kan det vere lurt å blande med ca. 3 gram Harmony 50 SX. Alternativt kan du auke doseringa av glyfosat (Roundup) i høve til den ordinære doseringa på rundt 400 ml pr. dekar som er tilrådd mot kveke.
Det er ikkje tilrådd å blande glyfosat med MCPA (Agroxone) eller Mekoprop. Desse midla vil motverke kvarandre i planten. Vi veit derimot at blanding med MCPA likevel blir brukt mot krypsoleie med bra resultat.

Av glyfosat har vi fleire ulike handelsnamn. Roundup er det vanlegaste, med ein konsentrasjon på 360 g glyfosat pr. liter. Det same gjeld Gallup Super. Roundup Flex har 480 g glyfosat pr. liter og Credit Xtreme heile 540 g glyfosat pr. liter. Dette betyr lågast dosering ved bruk av dei mest konsentrerte midla.

Brakking om hausten 1