Økonomi i ammekuproduksjonen

02.04.2019 (Oppdatert: 02.04.2019) Knut Sigurd Haugå

Gjennom vinteren har vi hatt fire kurskveldar om økonomi i ammekuproduksjonen. Her er nokon stikkord frå desse kveldane – faktorar som er med å påverke økonomien.

Ammekyr på godt beite, foto: Leif Trygve Berge

Tenk ressursgrunnlag

Tilgjengeleg areal for grovfôrdyrking og beite er avgjerande for å få lønsam ammekuproduksjonen. Det må vere balanse mellom det arealet vi treng til fôrproduksjon og beite, og disponibelt areal. Vi treng 4-10 dekar for kvar ku, avhengig av avlingsnivå og grad av oppdrett.

Tid er òg ein viktig ressurs vi treng – vi rekner 70 timar for kvar ammeku. Det er stordriftsfordelar i produksjonen, men ikkje undervurder tidsforbruket om du skal lukkast!

 

Rimeleg driftsbygning

Huskostnad er ein viktig faktor for å få god økonomi. Det er mange døme på gode bygningar som ikkje kostar så mykje – døme her er "Narvebygget" som kan nyttast til ammeku, men òg fleire andre produksjonar. Det finst ikkje ein standardbygning som alle kan bruke, så det er viktig å planlegge ut frå dine tilhøve på bruket.

 

Rett grovfôrkvalitet

Ammekua treng jamt over ikkje topp grovfôrkvalitet. Det er bare i tida etter kalving der kua skal produsere mjølk til kalven vi treng fôr med høg fôreiningkonsentrasjon. I store delar av innfôringstida treng vi energikonsentrasjon på ca 0,7 Fem/kg tørrstoff. Rund kalving treng vi betre fôr, gjerne 0,85 Fem/kg tørrstoff. I oppdrett av slaktedyr treng vi godt fôr heile tida. Lag ein plan for grovfôrdyrkinga slik at du får det fôret du treng i innefôringssesongen.

 

Godt kalvestell – god råmjølktilgong

Dei fyrste vekene etter kalving er avgjerande for å få ein god produksjon. Kalven treng rikeleg med råmjølk av god kvalitet. Ver obs på at det kan vere store skilnader i råmjølkvalitet frå ku til ku! Får vi god tilvekst på kalven dei fyrste månadene vil tilveksten gjerne halde seg gjennom heile livet. Rask tilvekst gjev mindre trong for fôr totalt. Det vil synest att på botnlinja at vi har dyr som raskt vert slaktemogne.

 

Legg vekt på avlen

Til slutt i denne oppsummeringa må vi peike på avlens betydning for økonomien. Val av "feil" avlsdyr kan medføre at vi får dyr med eigenskapar vi ikkje ynskjer – alt frå liten mjølkeproduksjon til dyr med dårleg lynne. Bruk avlsdyr med dei eigenskapane som du legg vekt på og som betrar mindre gode eigenskapar i buskapen din.

 

 

Storfekjøttprosjektet

NLR Agder har eit storfekjøttprosjekt der fokus både er å få i gang nyetableringar, men òg å hjelpe produsentar som alt har kjøttproduksjon til å optimalisere drifta. Når tørken kom i fjor blei det liten etterspørsel etter tenestene til prosjektet. Det tok seg opp utover hausten når tørken hadde slepp taket! Tenker du ammekyr eller annan kjøttproduksjon på storfè, så kontakt prosjektleiar, jakob.saaghus@nlr.no, / knut.sigurd.hauga@nlr.no.

 

Beitevandring til sommaren

Vi planlegg nå beitevandringar til sommaren. Godt beite og beitestell er viktig og gjev rimelege fôreiningar. Det vil og visast på botnlinja om vi lykkes med beitet vi byr dyra våre. Vi kjem attende til tid og stad for desse vandringane.

Viktige tilhøve å tenke på ved ammekuproduksjon

  • Ressursgrunnlag – buskap må vere tilpassa areal og den tida du har til rådigheit for tilsyn og stell av dyra.
  • Rimeleg driftsbygning
  • Effektiv og rimeleg grovfôrdyrking
  • Rett kvalitet på grovfôret til rett tid
  • Viktig med godt stell og tilsyn i kalveperioden - råmjølkperioden legg grunnlag for hele levetida til dyra!


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.