Det er travle tider i landbruket på mange frontar, avlingar skal bergast inn, dyr skal stellast og sjåast til. I tillegg skriv media mykje om dyrevelferd og bønder for tida. Det kan fort bli for mykje, og summen av indre og ytre belastning kan bli så stor at det kan vere grunn til å søkje hjelp.

Først og fremst er det viktig at du generelt ser til og snakkar med dine grannar og yrkesfrendar, og prøver å ta kontakt dersom du ser at det buttar for mykje mot. Når samfunnet no opnar etter koronaen, er det eit godt høve til å stikke innom hjå grannen att.

NLR Vest sine HMS-rådgjevarar kan du ta kontakt med dersom du er bekymra for deg sjølv eller andre. Vi har god røynsle med rettleiing i vanskelege situasjonar, og i tillegg har vi direkte kontakt med helsepersonell i bedriftshelsetenesta. Vi forstår sjølvsagt at det kan vere vanskeleg å ta kontakt når ein ikkje maktar ting, men av og til så kan det vere den kontakten som er starten på å kome på rett kjøl att. Ikkje vent med å ta kontakt, det er betre føre var.


Kjenner du, eller ser andre som du trur kan trenge ein prat eller hjelp, så kan du snakke med oss om korleis du kan gå fram, eller vi kan prøve å ta kontakt med vedkomande. Vi har teieplikt, og handsamar alle kontaktar etter det.


Ein første kontakt med HMS-rådgjevar eller bedriftshelseteneste i ein kritisk situasjon medfører ikkje kostnader for bonden.


Du kan lese meir om NLR sitt tilbod om krisestøtte her.

NLR Vest sine HMS-rådgjevarar finn du her.