Vi går inn i september som er den store sankemånaden for sauer og lam. Det har vore ein våt sommar på Vestlandet, og framleis held nokre på med andreslåtten. Grunna sein slått kan det bli mindre haustbeite dette året. Difor er det viktig å slakte lam som er slaktemogne snarast råd etter sanking, slik at du kan prioritere beite til lam som treng å auke vekt og hold.

Sauene står over lamma i rang, og det betyr at sauene har fyrsterett på det beste beitegraset. Om hausten er mjølka ein svært liten del av næringsinntaket til lamma. Derfor er det ein fordel å skilja lam og sauer dersom det er praktisk mogeleg. Dermed kan ein prioritere dei beste beita til lamma, og sauene får god tid til å legge på seg att til paringa. For å førebyggja faren for jurbetennelse på sauene, kan ein sette dei inn på strukturrikt grovfôr ei vekes tid slik at mjølkeproduksjonen minkar.

Slaktetidspunktet påverkar prisen

Slakteria har lagt ut prisløypa for lammesesongen 2022. Prisen er høgast i august, og

starten på september, før den går ned utover hausten. Dersom ein har lam som er slaktemogne allereie på denne tida vil det vera viktig å utnytta dei gode prisane.

Prisen går ned med om lag 6-8 kroner, som varierer noko mellom dei ulike slakteria, frå 1. september til 1. oktober. Slik kan planlegging av slaktetidspunkt i høve til prisløypa vera ei god investering.

Slaktemogne lam bør slaktast direkte frå fjellbeite, og sjølv om desse hadde auka vekta på haustbeite, vil det vera fare for feittrekk. Tek vi utgangspunkt i eit lam som er 18 kg i veke 37, og som aukar slaktevekta med om lag 2,5 kg på haustbeite etter tre til fire veker, viser det seg at den auka kjøtprisen blir om lag akkurat like stor som reduksjonen i prisen per kg kjøt. Sjølv om den samla utbetalinga til bonden blir om lag lik, er det stor mogelegheit for feittrekk på lam som er slaktemogne. Feittrekket er stort hjå alle slakteri, og det aukar di feitare dyret er, noko som er med på å redusera utbetalingsprisen vesentleg om slaktemogne lam ikkje vert levert tidsnok. I tillegg har det slakta lammet gått fire veker på haustbeite, eit haustbeite som heller kunne vore nytta til dei lamma som ikkje er slaktemogne, eller for å få godt utvikla påsettlam. Lam som kjem på frodig hausbeite er og utsett for pulpanyre (klostridiebakteriar) som fører til tap av lam. Det er viktig å unngå brå fôrovergangar, og lamma bør ha tilgang til skrinnare beiter rett etter sanking, før dei blir sleppt på godt håbeite. Det er som regel nyttelaust å behandla lam som har fått pulpanyre, og ein finn dei ofte døde utan at dei har vist teikn til sjukdom på førehand.

Slakteria har ulike sesongtillegg, og desse er høgare i starten på sesongen slik at dette også er negativt ved å venta med å levera slaktemogne lam.

Elles blir det meldt om godt sal og god marknadsbalanse denne hausten, som gjer at avrekningsprisen på både lam og sau vil ligga 6-8 kr høgare i år enn i fjor.

Feittavleiring

Vurdering av feittavleiring er viktig for kva feittgruppe lammet har, som igjen har betydning for om lammet er slaktemogent. Når lammet ligg rundt feittgruppe 2+/3- reknar ein at lammet har utnytta potensialet (høg vekt) utan at ein får trekk i kvaliteten på grunn av for mykje feitt.

Når lammet vil oppnå optimal feittgruppe er avhengig av fleire ulike faktorar. Lam med god tilvekst vil avleira feitt ved høgare vekt enn lam med dårleg tilvekst. Elles vil lamma avleira meir feitt ved intensiv sluttfôring samanlikna med ekstensiv sluttfôring. Det er også kjent at saulam og lam av lette rasar vil legga feitt ved lågare vekter. Derfor bør kvart einskild lam vurderast.

Torntappane skal kjennast, men dei bør vera avrunda og mjuke å ta på. Over ryggen kan lamma godt vera litt runde, men det skal ikkje vera eit tjukt feittlag. Det kan vera lurt å notera ned si eiga vurdering før slakting og sjå om det stemmer overeins med slakteriet si vurdering. På den måten kan ein øva seg på holdvurdering og tilpassing av optimalt slaktetidspunkt.

Nortura
Illustrasjon: Nortura

Levandevekta er avgjerande for slaktevekta

For å få best mogeleg betalt for lamma, må slaktevekta liggja over ei bestemt kilogrense. Det er viktig at du set deg inn i ditt slakteri sine minimumsgrenser. Det kan vera stor skilnad på hold, men ein kan gå ut frå at slaktevekta utgjer 40 % av levandevekta på vêrlam, og på saulam er slakteprosenten 42 %. Men erfaringsmessig kan slakteprosenten vera endå høgare om ein levera lam direkte frå fjellet, utan at dei har vore innom haustbeite.

Dersom ein tek utgangspunkt på 18 kg slaktevekt betyr det at vêrlamma må vera 45 kg, og saulamma 43 kg. Som nemnt legg vêrlamma som regel feitt ved høgare vekter samanlikna med saulam, slik at ein kan legge opp til høgare slaktevekter på vêrlamma enn på saulamma.

Holdvurdering vil vera viktig, og ved å kjenna over ryggen og torntappane får ein eit godt inntrykk av holdet og feittavleiring på lamma.

Lam vege med lite beitegras i vomma har høgare slakteprosent enn lam med vomma full av beitegras. Ta lamma inn om kvelden, og veg om morgonen.