Still inn spreiaren rett

Første bod når du har ein gjødselspreiar, eller har kjøpt deg ny, er å stille den inn riktig. Finn fram instruksjonsboka og sjekk grunninnstillingane. Det er litt ulikt frå modell til modell, men dei aller fleste skal i alle høve vere i vater sidevegs. Sjekk at traktoren har likt lufttrykk i dekka på kvar side og at trekkstengene har lik høgde, då har du eliminert nokre feilkjelder. Finn rett høgde på spreiaren, over grøda det skal spreiast i, og pass på at den held seg rett gjennom heile jobben. Bruk spreietabellar, då frå du rett innstilling på mengde til den type gjødsel du brukar. Spreietabellane ligg som oftast på nett, eller så finst det kanskje ein app.

Kantspreiing

Skifta på Vestlandet er ofte små og ikkje akkurat rektangulære i forma. Det gjer at vi har mykje kantsoner. Kantsonene kan utgjere 20 % av arealet, somme stader meir enn det. Difor er det viktig å utnytte dette arealet godt! Det betyr at vi må få spreidd rett mengde mineralgjødsel på dette arealet. For å klare det må spreiaren ha ei eller anna form for kantspreiing. Ein gjødselspreiar kastar dobbel breidde av det den er innstilt på. Det vil seie at når vi køyrer ein med 10 m arbeidsbreidde, så kastar spreiaren 20 m. Dette fører igjen til at køyrer vi 5 m frå kant, så kastar spreiaren gjødsel 5 m ut av skiftet, til dømes til skogs, eller endå verre, ut i vassdrag. For å hindre dette finst det ulikt utstyr som kan monterast på spreiaren, slik at ein endrar kastebildet på den eine sida. På denne måten kastar vi ikkje gjødsel ut av skiftet. Dersom du ikkje har utstyr for kantspreiing, kan dette i mange tilfelle ettermonterast. Kjøp versjonen som kan styrast frå førarplassen! Det fører til at utstyret blir brukt. Vi i NLR tilrår å bruke kantspreiing.

Køyr presist!

Når du har innstilt gjødselspreiaren på å køyre med 10 m arbeidsbreidde, er det viktig at du gjer det i praksis og. Du kan, som mange gjer, sette opp staur eller stikker som du siktar etter, dette gjev god nøyaktigheit, men er arbeidskrevjande. Det finst i dag gode hjelpemiddel til å køyre nøyaktig, utan å måtte sette opp staur eller stikker. Ved hjelp av satellitteknologi, kjent som GPS, så kan ein sporfølgar vise deg siktelinjer på ein skjerm. Ein slik sporfølgar er svært enkel i bruk. Still den inn på ønskt arbeidsbreidde og køyr opp fyrste draget. Dette registrerer du så i skjermen med eit a- og eit b-punkt, deretter vil du ha siktelinjer 10 m til kvar side. Slike sporfølgarar kan brukast saman med utstyr for kantspreiing, då har du teke eit godt steg på vegen for å utnytte gjødsla betre.

Sporfolgar
Skjermbilde frå ein sporfølgar.

Seksjonskontroll

Går du med tankar om å byte mineralgjødselspreiar, og har eit litt større areal som den skal nyttast på, kan du gjerne vurdere gjødselspreiar med seksjonskontroll. Igjen så er det GPS-teknologi som hjelper oss. Basert på posisjonen veit spreiaren sjølv kvar på skiftet den allereie har spreidd gjødsel. Spreiaren vil då automatisk starte og stoppe. Dette gjer spreiaren sjølv. Sjølv når det er kilar eller trekantar tilpassar den spreiebilete i seksjonar, derav namnet seksjonskontroll. Ein deler då arbeidsbreidda inn i seksjonar, og spreiaren slår då på - eller av - ein seksjon om gongen. Nokre modellar tilpassar spreiebilete faktisk heilt ned i ein meters breidde. Då unngår ein å spreie dobbelt. Det er oppgitt ulike nivå på innsparing, men 5-15 % er tal som er brukt. Denne type gjødselspreiarar har og ofte vegeceller, som veg innhaldet i spreiaren kontinuerleg. Dette fører til ei svært nøyaktig fordeling av gjødsla på teigen. Brukarar som har nokre års erfaring med slikt utstyr, framhevar dette med jamn fordeling, og dermed jamn avling, på teigen som ein av fordelane.

Ved å utføre ein eller fleire av dei føregåande tiltaka eller innkjøpa, vil du kunne utnytte mineralgjødsla betre. Like viktig som innsparing av gjødsel er å fordele gjødsla rett. Dette gjev jamnare avling og kvalitet og er samstundes betre for miljøet.

Vi i NLR Vest kan hjelpe deg med å sjekke eller stille inn din mineralgjødselspreiar. Vi kan også vere med på å vurdere kva type utstyr som er rett for deg ved innkjøp av ein ny spreiar.

Gjodselspreiar
Døme på utstyr for kantspreiing. Her er det hydraulisk inn- og utkopling, noko som er å tilrå.
Spreiar med seksjonskontroll
Mineralgjødselspreiar med seksjonskontroll.