Det har vore ein tørr vekstsesong på store delar av Vestlandet. Tørkestressa gule engvekstar har ein særleg sett i håa, i midtre og indre strok. Mange har opplevd avlingssvikt. Gode grasavlingar krev tilstrekkeleg med vatn. Fleire faktorar påverkar plantane si evne til å vekse under tørre forhold. Dette gjeld lys, temperatur, jordstruktur, næringstilgang og haustemåte.

Røter.- Rotmengda, og fordelinga av denne, er viktig for plantane si evne til å utnytte næring og vatn i jorda. Næringsstoff som fosfor og kalium rører seg seint i jordvæska. Røtene har lita evne til å ta opp næringsstoff som ligg berre få millimeter unna rota. Det same gjeld opptak av vatn. Ulagleg miljø i jord verkar på vekst og utvikling av heile planten. Det hemmar rota si evne til å ta opp vatn og næringsemne. Eit godt utvikla og djupt rotsystem gir plantane tilgang til vatn og næringsstoff frå eit større jordvolum.

Jordfysiske forhold.- Røter følgjer ofte opningar i jorda, etter meitemark og rotna plantedelar, eller minste motstands veg. Jord med mange store porar har best forhold for rotutvikling. Jordpakking, svært tørr jord, og vassmetta jord, hemmar rotutviklinga. Risikoen for skadeleg jordpakking er størst under våte forhold, og vil variere mellom ulike jordartar.

Lys.- Låg lysintensitet minskar veksten i røter forholdsvis meir enn veksten i overjordiske plantedelar. Forholdet topp/rot minkar.

Auka daglengde vil auke samla lysmengde, og verkar på same måte som auka lysintensitet. Daglengda har i tillegg ein indirekte verknad, ved å fremje overgangen til generativ fase hos langdagsplantar, altså stengelstrekkinga. Overjordiske plantedelar aukar mykje i denne fasen. Dette vil motverke den direkte verknaden av daglengda.

Temperatur.- Røter kan vekse betre enn overjordiske plantedelar ved forholdsvis låge temperaturar. Ved stigande temperatur, blir veksten av blad og skot stimulert sterkast, slik at røtene får ein mindre del av produksjonen frå fotosyntesen. Forholdet topp/rot aukar.

Etter hausting av grasplantar må ny vekst skje ved hjelp av reservekarbohydrat, som i stor grad kjem frå røtene. Grøne plantedelar er då små, og gir ikkje overskot av fotosynteseprodukt. Jordtemperaturen vil stige, på grunn av endra varmeballanse. Fleire forsøk har vist at varmt ver etter hausting fører til lågare rotmengde. Framveksten av nye røter er størst ved låge temperaturar.

Nitrogen.- Sterkare tilførsel av N aukar veksten hos blad og skot. Blada brukar meir av produksjonen frå fotosyntesen til eigen vekst. Rota får mindre, og rotmengda minkar. Dette er ei av årsakene til at eng går raskare ut, ved sterk N-gjødsling og mange haustingar per sesong.

Fosfor og kalium.- Fosfor og kalium stimulerer veksten hos både rot og overjordiske plantedelar, om lag i like stor grad. Forholdet mellom topp og rot blir difor uendra.

PH.- Utviklinga og veksten hos grasrøter går raskast når pH er 5,7-6,5. Optimal pH er avhengig av jordtype. Høgast pH bør ein ha i jord med mykje silt og leir. Svært høg pH har i forsøk ført til auka stimulering av overjordisk vekst, og nedgang i rotmengde.

Tal haustingar.- Reservekarbohydrata ligg delvis i røtene. Finske forsøk har synt at rotmengda, i kg/dekar, var 290 kg ved 2 haustingar per sesong, mot 180 kg ved 4 haustingar. Verknaden på jordstenglar er den same som for røter.

Stubbehøgde.- Låg stubbing fjernar meir av næringsreservane, og fører til lågare rotmengde. Forsøk i tre år gav fylgjande skilnader i rotmengde, i kg/dekar: 3-4 cm – 490 kg, 8 cm – 580 kg, 12-15 cm – 660 kg.

Vasstilgang.- Ein har liten kunnskap om verknaden av vasstilgang på framveksten av nye skot. I eit forsøk vart det vist at tørke gav sterk hemming av framveksten av nye skot, hos timotei og fleirårig raigras, etter slått ved blomstring.

Verknad av tørke på plantar.- Forsøk i Sveits har synt at grasartar som er utsette for sterk tørke, kan få auka vekst ved påfølgjande nedbør. Ein forklarer dette med at tørke gir auka innhald av reservekarbohydrat og auka rotmengde. Samstundes vil det vere auka mengde tilgjengeleg nitrogen i jorda.

Grasartar har ulik evne til å vekse under tørre forhold. Bladfaks er rekna som ein av dei mest tørkesterke norske artane. Også den «nye» arten strandsvingel reknast som tørkesterk.

Oppsummering.- Vekst og utvikling av blad og røter blir påverka av både jord, klima, gjødsling og haustemåte. Om ein ynskjer å førebygge tørkestress hos grasplantane, bør ein mest mogleg unngå forhold som fører til svakare utvikling hos røter. Døme på slike forhold er jordpakking, mange haustingar per sesong, låg stubbehøgde og sterk nitrogengjødsling. Det er også skilnader mellom artane når det gjeld å tole tørre forhold.

Takk.- Takk til Samson Øpstad og Liv Østrem, NIBIO, og Are Johansen, NLR, for gode faglege råd under arbeidet med denne artikkelen.

Gras roter 5
Grasplantar har ofte grunt rotsystem. Mesteparten av røtene ligg 0-10 cm under jordoverflata. Nokre røter går djupare, når forholda er gode. God rotutvikling i attleggsåret er viktig for tilstanden i engåra.
Markdag Fiska markloftet
Tørre forhold på Fiskå tidleg i august. Rådgivar Åsmund Seljeset tel meitemarkar, og vurderer jordstruktur og rotutvikling. Rolf Åge Sørdal, Åge Sørdal og vert Per Berge, til høgre, fylgjer nøye med.