Vatning er både dyrt og svært arbeidssamt, særleg når tørken går over ei lenger periode. Det vart også problem med tilgangen på vatn sjølv i dei områda der det tradisjonelt er god tilgang. For best mogleg utnytting av vatninga er det best å vatne når fordampinga er minst. Det vil si om natta, eller når det er overskya. I perioder med sterk tørke er ein likevel gjerne avhengig av å vatne døgnet rundt, sjølv om effekten av vatning når fordampinga er stor er redusert.

  • Sjekk at anlegget er i orden før sesongen tek til
  • Start vatninga før det blir tørt. Elles rekk ein ikkje over før plantene tek skade

Jordart avgjer

På lette jordartar (sandjord) må ein vatne ofte og lite. Slik jord har ikkje lagerkapasitet for mykje vatn, difor vil store vassmengder om gongen føre til utvasking av gjødsel og næringsemne. 15-20 mm om gongen vil vere nok, men ved stort vassforbruk dvs. stor fordamping må ein vatne på nytt att alt etter 4 – 5 dagar.

Tyngre jordartar kan ta i mot og halde på mykje meir vatn. Det er likevel ikkje grunn til å gje meir enn 30 - 40 mm om gongen. Dette har både med utvaskingsfare, og med kapasitet for å få tid til å vatne over alle skifta som har tilgang på vatn. Blir kapasiteten på anlegget for liten, må ein prioritere dei skifta som gjev mest att for vatninga.

Image001
Dei som har tradisjon for å vatne, lykkast og betre i tørkeår. Foto: Ragnhild Sjurgard.

Slik kan det gjerast

Ein praktisk regel er at ein skal vatne når halvparten av det nyttbare vatnet i jorda er brukt opp. Det bør setjast opp eit vassrekneskap der det blir teke omsyn til nyttbart vatn i jorda, fordampinga og målt nedbør. Ein kan da rekne seg fram til når ein må vatne.

Eksempel

Tørkesvak jord: 70 mm nyttbart vatn i profilet

Fordamping 3,5 mm pr dag (Opp mot 7 mm ved tett vegetasjon, mykje sol og vind)

Ikkje regn = 0 mm

Dvs etter 10 dagar har det i middel fordampa 35 mm og det er halvparten av det nyttbare vatnet. Tid for vatning.

Ulike vekster til ulik tid

Til korn bør ein ikkje starte vatning før røtene søker nedover i profilet, men ein må heller ikkje vente slik at plantene tek skade. 50 % regelen på nyttbart vatn i jorda gjeld også her.

Kornet er særleg utsett for redusert busking 3-6 veker etter spiring, dersom det blir for tørt. Ved skyting og seinare ved mating i kornet er det svært viktig for avlinga at vasstilgangen er god. Det bør vatnast til etter begynnande gulning.

Eng og beiter vil ha jamn vasstilgang gjennom heile vekstsesongen. Fordampinga er dobbelt så stor før hausting i ei god avling, som frå hausting og til eit par veker utover til veksten har tatt seg opp att. Ved bruk av møkk på eng er det ein fordel å vatne i samband med spreiing.

Har jorda tørka ut, er sjølvsagt fordampinga svært redusert. Det same vil da veksten av graset bli. Under tørre forhald vil plantene ta ut vatn frå jorda til den er heilt uttørka. Etter dette stadiet er det ikkje disponibelt vatn for plantevekst før etter at jorda har vorte skikkeleg oppbløytt att. Da må det tilførast vatn til jorda har eit fuktforhald mykje høgare enn det nivået der jorda slutta å gje frå seg vatn.

Ved vatning i attlegg, og særleg der det er helling, må ein vera svært forsiktig så ein ikkje får avrenning og erosjon. Spireemna i tørr jord er dårleg, og det kan løne seg å vatne lett over før ein sår, dersom det er tørt. Dette vil i neste omgang føre til at jorda tek i mot vatnet betre ved neste vatning, som bør vera ganske kort tid etter såing. Ved fare for erosjon i attlegg bør det vatnast med lita dyse som gjev små dropar.

Potet bør vatnast før begynnande knollsetting dersom det er tørt. Det er vidare viktig med god og jamn vasstilgang heile vekstsesongen for å hindre vekststopp eller skader som sprekkar og/eller kolv. Vatning vil og hjelpe mot flatskurv.